Tilsyn med universell utforming

4. Moglege reaksjonar etter tilsyn

Moglege reaksjonar etter tilsyn

Ulike verkemiddel

Dersom det ved tilsyn blir påvist forhold som er i strid med regelverket, vil kommunen kunne halde tilbake mellombels bruksløyve eller ferdigattest til forholdet er retta. Kommunen kan òg krevje at det blir stilt tryggleik i form av bankgaranti for at arbeid som står att blir retta, jf. pbl. § 21-10.

Eit anna verkemiddel for å sikre kvalitet etter forskriftene i pågåande tiltak, er å krevje uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-3. Denne føresegna gir kommunen høve til å krevje kontroll også innanfor område som ikkje følgjer av SAK10 § 14-2. Kommunen kan krevje uavhengig kontroll i nye byggjeprosjekt dersom tidlegare erfaring med eit føretak ikkje gir den nødvendige tilliten til at arbeidet vil bli gjennomført i medhald av plan- og bygningslovgivinga.

Kommunen kan vidare rette reaksjonar mot ansvarsretten i form av åtvaring eller tilbaketrekking av godkjenning. Åtvaring kan i utgangspunktet berre bli gitt ved mindre alvorlege brot på plan- og bygningslovgivinga. Ansvarsretten kan trekkjast tilbake ved alvorlege regelbrot, mangel på tillit og dugleik eller dersom kvalifikasjonskrava for godkjenning ikkje er oppfylte.

Sanksjoner etter pbl. kap. 32

Der kommunen ved tilsyn avdekkjer forhold i strid med plan- og bygningslovgivinga, skal tilsynet følgjast opp med sanksjonar etter pbl. kap. 32. Sanksjonar må stå i rimeleg forhold til regelbrotet. Der regelbrotet er av mindre betydning, kan kommunen avstå frå å følgje opp forholdet.

Plan- og bygningslova gir høve til ulike sanksjonar. Kommunen kan gi pålegg om retting eller stans av ulovlege forhold. Pålegget kan rettast til personar eller føretak som anten har ansvaret for regelbrotet eller er ansvarlege for tiltaket som eigar eller på annan måte. Kommunen skal setje frist for å oppfylle pålegget.

For å få gjennomført pålegget kan det utferdast tvangsmulkt. Dette bør gjerast samtidig med pålegget for å sikre gjennomføring innan fristen. Det er ein føresetnad for tvangsmulkt at pålegget kan gjennomførast. Dersom det finst hinder for gjennomføring som ikkje skuldast den ansvarlege, kan ei utferda tvangsmulkt ikkje krevjast inn.

Dersom eit pålegg ikkje blir etterkome, kan kommunen gi førelegg. Førelegg som blir vedtekne har same verknad som rettskraftig dom og kan fullbyrdast etter reglane for dommar.

Gebyr er ein administrativ sanksjon som kommunen kan gi den ansvarlege for brot på plan- og bygningslovgivinga. Gebyret kan utferdast ved forsettlege eller aktlause regelbrot og blir godskrive kommunen. Storleiken på gebyret avheng av typen regelbrot og kor alvorleg det er. Beløpsgrenser er fastsette i SAK10 kap. 16.

Forsettlege eller grovt aktlause regelbrot som er vesentlege kan straffast. Det er opp til kommunen å vurdere om ulovlege forhold skal meldast til politiet. Påtalestyresmakta tek stilling til om forholdet skal følgjast opp ved straffesak.

Ulike sanksjonar er nærare omtalte i Kommunal- og regionaldepartementet sitt rundskriv H-3/01 Reaksjoner mot ulovligheter etter plan- og bygningsloven (under revisjon).