Tilsyn med universell utforming

5. Universell utforming i plan- og bygningslova med forskrifter

Følgjande formulering er nedfelt i plan- og bygningslova sin formålsparagraf av 2008:

”Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak”

I lova er det stilt krav om at byggverk for publikum, arbeidsbygning og uteområde for allmenta skal vere universelt utforma. Med grunnlag i lova er det i TEK10 òg stilt krav om tilgjenge til og i bygning med bustadeining.

Universell utforming er stilt som krav i

  • byggverk for publikum og arbeidsbygning med tilhøyrande uteområde.

  • uteområde for allmenta

  • uteområde for bustadbygg med krav om heis

  • uteområde for større bustadområde.

Krav om tilgjenge er stilt for

  • bustadeining i bygning med krav om heis

  • bustadeining i bygning utan krav om heis der alle hovudfunksjonar er på inngangsplanet.

Krava til universell utforming og tilgjenge er gjennomgåande i TEK10 og gjeld fleire av kapitla. Dei mest aktuelle kapitla er:

Kapittel 5 Grad av utnytting - som saman med arealformål og planføresegner gir viktige premissar for utvikling av eit område. Universell utforming stiller krav til tilkomst, plassering av bygg og uteareal. Bruk og utnytting av tomt blir dermed eit viktig poeng.

Kapittel 8 Uteareal og plassering av byggverk - angir krav til plassering av byggverk, uteareal og kriterium for brukbar gangtilkomst. Krav til universell utforming av ulike uteområde og uteområde for allmenta er omtalte her.

Kapittel 11 Sikkerhet ved brann - I samband med branntryggleik og rømming er det ei rekkje krav som inngår i universell utforming – “alle skal inn og alle skal ut”.

Kapittel 12 Planløsning - Dette kapitlet er saman med kapittel 8 det kapitlet der flest krav om universell utforming og tilgjenge inngår. Kapittel 12 gjer tydeleg når det er krav om universell utforming til byggverk og når det er krav til tilgjengeleg bustadeining, og kva krav som gjeld.

Kapittel 13 Miljø og helse - Universell utforming omfattar godt inneklima og gode lydtilhøve som er omtalte i dette kapitlet.

Kapittel 15 Installasjoner og anlegg - omfattar krav til universell utforming av heisstol, løfteplattformer og liknande, sjå òg kapittel 12 om krav til heis.

Dei bygningstekniske krava til universell utforming og tilgjenge i TEK10 er stort sett stilte gjennom funksjonskrav og kvantitative ytingar.

Ved tilsyn er det viktig å sjå til at forskriftskrava er oppfylte. Der ytingane ikkje er gitt i TEK10, skal oppfylling av funksjonskrava i forskrifta verifiserast anten ved

  • at byggverk blir prosjekterte i samsvar med førehandsaksepterte ytingar i rettleiing til TEK10 eller

  • at byggverk blir prosjekterte i samsvar med ytingar verifiserte ved analyse som viser at funksjonskrava i forskrifta er oppfylte, jf. TEK10 § 2-1.