Tilsyn med universell utforming

7. Om sjekklister

Nedanfor følgjer sjekklister for tilsyn med at krav til universell utforming blir oppfylte. Innanfor kvart kravsområde for respektive uteareal, bustad med krav om tilgjenge og byggverk for publikum og arbeidsbygg er det eigne sjekklister for dokumenttilsyn og tilsyn på byggjeplass. Sjekklistene er inndelte etter type tiltak som det skal førast tilsyn med.

Kommunane vel sjølve om dei vil nytte sjekklistene fullt ut eller berre konsentrere seg om utvalte spørsmål.

Ved tilsyn på staden vil det ved utføring av prosjektert løysing kunne oppstå mindre avvik utan at dette treng å føre til avvik frå kravsnivået i TEK10. Eventuelle avvik som oppstår må vurderast med bakgrunn i gitte toleransar eller alminnelege toleransereglar, under dette NS 3420 (sjå rettleiing til TEK10 kapittel 2).

Fig.5 Er det trinnfri tilkomst med terskel maks 20mm?
Fig.5 Er det trinnfri tilkomst med terskel maks 20mm?  Foto: Tone Rønnevig

Foto: Tone Rønnevig

Oppbygging av sjekklister

Det er utarbeidd sjekklister for dokumenttilsyn og byggjeplasstilsyn for:

  • Uteareal

  • Bustad med krav om tilgjenge

  • Byggverk for publikum, arbeidsbygning

Spørsmåla er inndelte og merkte etter tema som òg blir nytta ved rapportering. Temanemning (tal i venstre kolonne) er angitt framfor kvart av spørsmåla i sjekklistene. Rapportering er nærare omtalt under punkt 9.

0

Likestilt bruk

Alle moment inngår

1

Framkome

Plassering av type bygg i terreng

Stigningsforhold

Fjerning av trinn ute og inne

Dører – trekkraft

Betening av funksjonar og utstyr

Snuareal i rom

2

Orientering

Plassering av hovudtilkomst

Planløysing (logisk)

Lystilhøve

Fargekontrastar

Skilting

Markering

3

Lydtilhøve

Taleforståing

Romgeometri

Støydemping

Akustikk

Lydforsterking

4

Inneklima

Luftkvalitet

Materialbruk

Lys og utsyn

Vindauge som kan opnast

5

Branntryggleik

Varsling

Rømming

Evakueringsplan

Sjekklistene i word-format kan bli lasta ned her:

  1. Sjekklister for Arbeids- og publikumsbygg
  2. Sjekkliste for Bustad med krav om tilgjenge
  3. Sjekkliste for Uteareal