Tilsyn med universell utforming

9. Rapportering til direktoratet om tilsynsaktiviteten i perioden

Etter utløpet av 2014 skal kommunane rapportere til Direktoratet for byggkvalitet om gjennomførte tilsyn innanfor dei prioriterte tilsynsområda. Rapporteringa vil skje online ved bruk av questback. Kommunane vil få nærare informasjon om nettadresse når det nærmar seg tid for rapportering.

Vi tilrår at det blir oppretta rapporteringsrutinar ved starten av perioden slik at rapportering ved slutten av perioden blir enkel å gjennomføre. Det er i første rekkje ønskjeleg med eit oversyn over talet på gjennomførte tilsyn, talet på avvik som er avdekte og status for retting.

 

Tema

Talet på tilsyn

Talet på avvik

Talet på avvik fordelt på avvikstype

 

Mangelfull dokumentasjon

Mangelfull

prosjektering

Mangelfull utføring

1

Framkome

 

 

 

 

 

2

Orientering

 

 

 

 

 

3

Lydtilhøve

 

 

 

 

 

4

Inneklima

 

 

 

 

 

5

Branntryggleik

 

 

 

 

 

 

Totalt

 

 

 

 

 

 

Tal på avvik som er retta

 

 

 

 

 

I tillegg er det ønskjeleg med ei beskriving av følgjande:

  • hovudinntrykka frå tilsynsverksemda

  • kva krav synest vanskelegast å oppfylle

  • er det ein nedgang i talet på avvik

  • årsaker til manglande etterleving av krav

  • årsaker til manglande retting av krav

  • Kva spørsmål har vore mest eigna/brukelege i tilsynet.