Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

11. Roller og ansvar

11.4. Dei ansvarlege foretaka sitt ansvar

I byggjesaker med ansvarlege føretak ligg det fyrst og fremst til ansvarleg prosjekterande å oppfylle krav til tryggleik mot naturpåkjenning.

Det er ansvarleg søkjar og tiltakshavar som skriv under søknaden og føreslår plasseringa av tiltaket. Ansvarleg søkjar skal sjå til at forholdet til tryggleik mot naturpåkjenningar er tilstrekkeleg vareteke. I omsynssoner, område merkte av på aktsemdskart, område utanfor arealplan og område med kjent fare, må ansvarleg søkjar sjå til at tiltakshavar hentar inn relevant kompetanse til å utgreie tryggleiken, slik at søknaden kan stadfeste tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal leggjast ved rapporten frå den fagkunnige som dokumentasjon for tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal også leggjast ved erklæringar om ansvarsrett der det er behov for å prosjektere eventuelle kompenserande tiltak. Ansvarleg søkjar har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane ansvarleg søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil ansvarleg søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.

Område merkte av på aktsemdskart mv., må utgreiast nærare av fagkunnig før ansvarleg søkjar eventuelt kan stadfeste i søknaden at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Ved behov for særskilte faglege utgreiingar, eksempelvis fordi byggjetomta ligg innanfor eit område som er merkt av på aktsemdskart, må ansvarleg søkjar vidareformidle dette til tiltakshavar. Tiltakshavar må innhente fagkunnige utgreiingar før byggjesøknaden kan bli komplett. I søknaden skal det særskilt gjerast greie for om byggverket skal plasserast i område med fare. Tryggleiksklassen for byggverket skal også oppgjevast. Ansvarleg søkjar skal vidare sjå til at det finst ansvarsrett for heile tiltaket, og at nødvendige ansvarlege føretak kjem på plass.

Figur 11.4a. Utsnitt frå byggjesaksblankett 5175 Opplysningar om ytre rammer for tiltaket (vedlegg til byggjesaksblankett 5174).
Figur 11.4a. Utsnitt frå byggjesaksblankett 5175 Opplysningar om ytre rammer for tiltaket (vedlegg til byggjesaksblankett 5174)

Ansvarleg prosjekterande har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Den prosjekteringa som blir gjort i samband med rammesøknaden, skal leggjast ansvar på då. Dette er særleg aktuelt i spørsmålet om tryggleik mot naturpåkjenning. Det er ansvarleg søkjar som skal syte for at alle prosjekteringsoppgåver er lagde ansvar på, også ved rammesøknad.

I tilfelle der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, vil prosjekteringa normalt plasserast i tiltaksklasse 2 eller 3.

Prosjektering av fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold ligg i tiltaksklasse 2 der metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla, og i tiltaksklasse 3 der metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla, jf. SAK10 § 9-4 .

Der prosjektering av geoteknikk blir plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf. SAK10 § 14-2 . Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.

Figur 11.4b. Utdrag frå tabell med retningsgjevande døme for tiltaksklasseplassering, veiledning til SAK10 § 9-4 Oppdeling i tiltaksklassar.

FagområdeTiltaksklasse 1Tiltaksklasse 2Tiltaksklasse 3

Geoteknikk

Utarbeiding av grunndata og fundamentering med eventuelt sikringstiltak for bygg, anlegg eller konstruksjon.

Småhus inntil 3 etasjar

Andre byggverk inntil 2 etasjar med oversiktlege og enkle grunnforhold

Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS- EN 1990 + NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 1

Fundamentering av byggverk med 3-5 etasjar

Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold. Metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla.

Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS-EN 1990 +NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 2.

Byggverk med fleire enn 5 etasjar

Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold.

Metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla.

Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS-EN 1990 + NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 3 og 4.