Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

11. Roller og ansvar

I plan- og byggjesaksprosessen er det mange aktørar med ulike oppgåver, plikter og ansvar. I dette kapittelet blir det gjort greie for kven som har ansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane.

ikon_Peker.svg Dette kan du lese om i kapittelet

Ansvaret til både kommunen og dei private aktørane varierer etter kvar i plan- og byggjesaksprosessen dei kjem inn og kva rolle dei har.

Kommunen har ulik rolle som planmyndigheit og bygningsmyndigheit, og det går også eit skilje mellom søknadsbehandling og tilsyn. Dei private aktørane har ulik rolle avhengig av om dei er forslagsstillar, utbyggjar, ansvarleg søkjar eller ansvarleg prosjekterande.

Dette kan du lese om i kapittelet

  • Kven som har ansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessen
  • Aktørane sine ulike roller ved arealplanlegging og byggjesak
  • Kva kartleggingar og utgreiingar som skal beleggjast med ansvarsrett

11.1. Ansvaret for å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar

Ansvaret for å utgreie om det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik for utbygging, ligg til den som fremjar planforslag eller byggjesøknad. Normalt kviler derfor ansvaret for å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar på private.

Kommunen har likevel som planmyndigheit og bygningsmyndigheit eit ansvar for å bidra til at det berre blir bygd i område som er tilstrekkeleg sikre mot naturfarar. Dette skal varetakast både i kommuneplanen, i reguleringsplanen og i den einskilde byggjesaka.

Figuren viser ansvaret for å utgreie tryggleik i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane
Figuren viser ansvaret for å utgreie tryggleik i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessen.

Det blir utført eit omfattande kartleggingsarbeid i statleg regi av både skred- og flaumutsette område. Sentral aktør i dette arbeidet er NVE, som har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av flaumskadar og skredulukker.

Tryggleikskrava i TEK17 gjeld det enkelte nybygget, men krava er også førande for kva eit område kan regulerast til. Kommunen skal som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for planområdet, eller sjølv utføre slik analyse.

Byggjesaksbehandlinga tek utgangspunkt i byggjeinitiativet frå tiltakshavar, og det er utbyggjar som må utgreie og stadfeste at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- og miljøforhold i søknaden. Utbyggjarsida må opplyse saka tilstrekkeleg og dokumentere at tiltaket det blir søkt om, er innanfor regelverket.

Tiltakshavar har ansvar for oppfylling av alle relevante krav for byggjeprosjektet. 

For tiltak etter pbl. § 20-3, jf. § 20-1 er det krav om bruk av ansvarlege føretak. I byggjesaker der det er krav om bruk av ansvarlege føretak, må føretaka oppfylle kvalifikasjonskrava som følgjer av SAK10. Tiltakshavar er då forplikta til å innhente kvalifiserte føretak og vidareføre ansvaret sitt til dei profesjonelle føretaka som skal ta på seg ansvarsrett direkte overfor kommunen som bygningsmyndigheit.

Sidan dei fleste byggjetiltak er søknadspliktige etter pbl. § 20-3, skal dei fleste tiltaka ha føretak med ansvarsrett for tryggleik mot naturpåkjenningar.

For søknadspliktige tiltak etter pbl. § 20-4 (utan krav om ansvarsrett) og tiltak unnatekne frå søknadsplikt etter pbl. § 20-5, har tiltakshavar åleine ansvaret for å vareta krav til tryggleik mot naturpåkjenningar.

11.2. Kommunen sine oppgåver

Arealplanar

Det er i første rekkje ved behandling av arealplanar at kommunen har ansvar for at krava til tryggleik mot fare som følgje av naturforhold blir varetekne.

Kommunen har ansvaret for at arealdelen i kommuneplanen blir utarbeidd og rullert. Utgreiingar i samband med utarbeiding av kommuneplan ligg til kommunen. Kjent fare, område der det er kjent markert risiko og potensielle fareområde som eksempelvis område markerte på aktsemdskart, bør generelt gå fram av rettsleg bindande planar.

For område der det er planlagt ny utbygging, skal kjent fare og område der det er kjent markert risiko og potensielle fareområde, merkjast av som fareomsynssone, og det skal gjevast føresegner som varetek det omsynet sona viser. Det kan til dømes gjevast føresegner om byggjeforbod, byggjegrenser eller sikringstiltak, eller om meir nøyaktige utgreiingar på neste plannivå. Skredutsette område kan eksempelvis ikkje avsetjast som byggjeområde.

På reguleringsplannivå skal faresoner alltid visast med omsynssone i plankartet, uavhengig av underliggjande arealføremål. Flaumutsette område må ha reglar om byggjegrenser mot sjø eller vassdrag. Arealdelen i kommuneplanen kan setje plankrav, det vil seie krav om at det må liggje føre reguleringsplan før ein kan byggje.

Dei omsyna og restriksjonane som er fastsette gjennom omsynssoner til arealdelen i kommuneplanen, skal leggjast til grunn for utarbeiding av reguleringsplan. Omsynssoner kan også visast i reguleringsplan sjølv om dei ikkje er viste i kommuneplanen.

Ved private forslag skal kommunen som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for planområdet. Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med tryggleiksklassane i TEK17. Ansvaret for kartlegging og utgreiing av fare som følgje av naturforhold ligg til forslagsstillar.

Der kommunen sjølv utarbeider område- eller detaljregulering, har kommunen ansvar for å kartleggje tryggleik mot fare som følgje av naturforhold, samt innregulere og ta omsyn til fareområde. Ved private planforslag har den private ansvaret for å koste nødvendige fagkunnige utgreiingar. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast i plan som omsynssone, jf. pbl. §§ 11-8 og 12-6.

Byggjesak

Dersom fareområde eller område med vesentleg ulempe ikkje er tekne omsyn til eller går fram av arealplan, kan kommunen i medhald av pbl. § 28-1 treffe vedtak om avslag, vedtak med vilkår om særlege krav til byggjegrunn/bygningsmasse og uteareal eller vedtak om forbod mot utbygging.

Vi viser til det som er sagt over om pbl. § 28-1 i punkt 2.6 og 2.8-2.10. Alternativt kan det leggjast ned mellombels forbod mot tiltak etter pbl. § 13-1 for dei aktuelle områda. Dette utløyser likevel reguleringsplikt.

Alternativa kommunen har dersom fareområde ikkje går fram av arealplan

  • Vedta mellombels forbod mot tiltak, jf. pbl. § 13-1 (i påvente av ny plan)
  • Leggje ned byggje- og deleforbod, jf. pbl. § 28-1 andre ledd (tidsbestemt)
  • Stille særlege krav (sikringstiltak) til byggegrunn, busetnad mv., jf. pbl. § 28-1 andre ledd
  • Gje avslag på byggjesøknad, jf. pbl. § 28-1 første ledd

Der det ikkje har inntreft hendingar som endrar situasjonen etter at planen vart vedteken og det ikkje er kome ny kunnskap om naturfarar som kommunen er kjent med, vil kommunen si rolle i byggjesaksbehandlinga vere å sjå til at tiltaket er i samsvar med gjeldande plan.

Kommunen skal ta stilling til spørsmålet om tryggleik mot fare som følgje av naturforhold i søknadsbehandlinga. På den måten får kommunen også eit høve til å formidle opplysningar om fare som kommunen er kjent med og som eventuelt ikkje er tekne omsyn til tidlegare i saksførebuinga.

I dei tilfella der det har inntreft faktiske naturhendingar eller der det ligg føre nye aktsemdskart eller ny kunnskap, må kommunen ta omsyn til dette i saksbehandlinga. Avhengig av forholda må kommunen vurdere om det skal gjevast avslag, om det skal krevjast dokumentasjon for ytterlegare undersøkingar, eller om tiltakshavar skal gjevast høve til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik ved gjennom kompenserande tiltak.

Kommunen kan ikkje gje løyve med vilkår om at det ligg føre uttale frå til dømes geoteknisk sakkunnig før deling eller igangsetjing. Løyve på vilkår vil ikkje innebere ei avklaring av dei tryggleiksomsyna som pbl. § 28-1 skal vareta.

Kommunen har plikt til å informere om naturfarar som er kjende, særleg der faren ikkje kjem fram av plangrunnlaget. Kommunen må formidle kjende opplysningar om grunn- og miljøforhold til utbyggjarane i saker der dette er relevant, jf. forvaltningslova (fvl.) §§ 11 og 17 om rettleiingsplikt. Formidling av opplysningar om farar bør skje så tidleg som mogleg i byggjeprosessen, til dømes i førehandskonferansen. Kommunen bør dokumentere at opplysningane er formidla i den einskilde saka. Det ligg føre fleire døme på at kommunar som har unnlate å formidle kjende opplysningar, er vortne kjende erstatningsansvarlege.

Der kommunen ikkje har kjennskap til om ei byggjetomt er tilstrekkeleg sikker, har kommunen ikkje plikt til å utgreie tryggleiken mot naturpåkjenningar ved behandling av byggjesøknader. Dette er slege fast av Høgsterett i HR 2015-484. Ein kommune hadde gjeve byggjeløyve til oppføring av hytter i eit område som i ettertid viste seg å vere utsett for snøras. Utbyggjar meinte kommunen hadde handla aktlaust ved å gje byggjeløyve utan å utgreie rasfare. Kommunen vart frifunnen. Plikta til å utgreie tryggleik mot naturfare ligg på utbyggjarsida.

I saksbehandlinga har kommunen i utgangspunktet inga plikt til å undersøke om tiltaket det blir søkt om, er plassert sikkert når det gjeld naturfarar. Ein mistanke om manglande tryggleik gjev ikkje heimel for avslag, men bør utløyse krav om dokumentasjon frå utbyggjar for å stadfeste tilstrekkeleg tryggleik. I slike tilfelle vil det vere nødvendig med faglege undersøkingar, og denne undersøkingsplikta ligg på utbyggjarsida. Undersøkingar vil kunne vere del av oppgåvene til den prosjekterande. Der det ikkje blir skaffa tilstrekkeleg dokumentasjon, vil pbl. 28-1 gje heimel for avslag, sjå kapittel 2.7 Avslag i byggjesak i denne rettleiaren.

Kommunen kan krevje uavhengig kontroll av denne delen av prosjekteringa, jf. SAK10 § 14-3. Dette kan også gjerast i saker der det etter pbl. § 20-4 ikkje er krav om bruk av ansvarlege føretak, i byggjesaker med sjølvbyggjaransvar (SAK10 § 6-8) og for tiltak unnatekne søknadsplikt etter pbl. § 20-5.

Søknad

Søknadspliktige tiltak med ansvarlege føretak
Søknaden skal gje opplysningar om dei ytre rammene og bygningsspesifikasjon for tiltaket. I søknaden skal det også opplysast om byggverket skal plasserast i fareområde.

Dersom utbyggjar og kommunen vurderer faresituasjonen likt, er det sannsynlegvis tilstrekkeleg tryggleik mot til dømes skred eller flaum. Då er det i praksis inga utfordring med omsyn til oppgåve- og ansvarsfordelinga.

Der kommunen er usikker eller har mistanke om at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- eller miljøforhold og søknaden ikkje er vedlagt tilstrekkeleg dokumentasjon, skal kommunen etterspørje dokumentasjon frå fagkunnig. Behandling av søknaden vil avvente til søknaden er fullstendig.

Der søknaden er vedlagt dokumentasjon frå fagkunnig som konkluderer med at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre eller kan oppnåast ved kompenserande tiltak, skal kommunen normalt leggje denne til grunn, med mindre det er forhold i dokumentasjonen eller fagkompetansen til fagkunnig som tilseier noko anna. Dersom kommunen er i tvil om eller usamd i konklusjonen i den fagkunnige rapporten, bør kommunen krevje uavhengig kontroll.

Der kommunen kjenner til om ein konkret fare, som det ikkje er tatt høgd for i søknaden, har kommunen plikt til å seie frå om dette. Resultatet av søknadsbehandlinga kan bli avslag, med tilvising til faren som grunngjeving. I dei tilfella der det ikkje er openbert uforsvarleg å byggje, bør det opplysast om at det er høve til å fremje søknaden på nytt dersom tilstrekkeleg tryggleik kan dokumenterast. Dette vil avhenge av dei konkrete forholda på den aktuelle tomta, kor sannsynleg faren verkar og kva fare eller risiko det gjeld, kva slags byggjetiltak med vidare.

Dersom det i søknaden er kryssa av for at byggverket skal plasserast i område utsette for rasfare, eller flaum, skal søknaden også innehalde dokumentasjon som viser at fare- eller ulempenivået likevel er akseptabelt og innanfor forskriftskrava. Dersom ikkje, ligg det føre avslagsgrunn. Dersom søknaden ikkje inneheld dokumentasjon, kan kommunen be om dokumentasjon for at tiltaket likevel er sikkert med omsyn til naturfarane.

Der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, skal kommunen sjå til at det er lagt erklæringar om ansvarsrett med søknaden. Der prosjektering av geoteknikk er plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf. SAK10 § 14-2. Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.

Søknadspliktige tiltak som tiltakshavar står for sjølv
I desse byggjesakene er det ikkje ein profesjonell ansvarleg søkjar. Tiltakshavar, som normalt er uprofesjonell, har derfor ikkje alltid kunnskap til å vurdere skredfare eller liknande. I desse sakene har derfor kommunen eit særleg ansvar for at arbeid ikkje blir gjennomførte i område der kommunen kjenner til naturfare. I område der det er klart at det ikkje er mogleg å prosjektere seg bort frå ein fare, må kommunen avslå byggjesøknaden og gje melding om at tiltaket ikkje kan gjennomførast.

Der det er uvisse om farenivået eller der det er venta å vere mogleg å prosjektere kompenserande tiltak mot faren, bør kommunen informere om at tiltakshavar kan hente inn fagkunnig bistand til å vurdere eventuelle sikringstiltak og at prosjektering vil av kompenserande tiltak vere nødvendig for at tiltaket eventuelt skal kunne utførast.

Typiske tilfelle der det er behov for å hente inn kompetanse til å utgreie tryggleik

  • Omsynsoner
  • Område merkte av på aktsemdskart
  • Område med kjent fare
  • Område med eldre arealplan
  • Område der det ikkje ligg føre arealplan
  • Område der lokalisering, topografi, grunnforhold og liknande kan indikere risiko for skred, flaum, stormflod, kvikkleire, mv.

Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling

For tiltak som ikkje krev søknad og saksbehandling, har kommunen berre ei generell tilsynsrolle, jf. pbl. § 25-1 og SAK10 kap. 15. Dei materielle krava til tryggleik gjeld for unntaka etter i SAK10 § 4-1 og krava til tryggleik i TEK17 kap. 7 skal derfor vere oppfylte.

Unntak frå saksbehandling for visse tiltak som blir behandla etter anna lovverk

Vegar, tunnelar, kraftleidningar og andre tiltak som er unnatekne søknadsplikt etter SAK10 § 4-3, skal varetakast av regelverket til sektorstyresmakta. Dei materielle krava til tryggleik gjeld også for desse tiltaka.

11.3. Tiltakshavar sitt ansvar

Med tiltakshavar meiner vi primært eigar av eigedomen eller tiltaket - den som vil oppføre eller utføre eit tiltak.

Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav i prosjektet sitt. I dei fleste byggjeprosjekt er det krav om bruk av ansvarlege føretak. Tiltakshavar er då forplikta til å hente inn profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsstyresmakta.

Tiltakshaver/føretaket skal skaffe seg kunnskap om eventuelle naturfarar før søknaden blir fremja for kommunen. Dei kvalifikasjonskrava som blir stilte til ansvarleg føretak, skal sikre at føretaka har kvalifikasjonar og rutinar for sjølv å gjere seg kjent med det plangrunnlaget som gjeld for den aktuelle eigedomen og ta omsyn til aktsemdskart og alle relevante forhold, medrekna krav til tryggleik mot naturpåkjenningar etter pbl. § 28-1 og TEK17.

I dei seinare åra er det kome mykje ny kunnskap og gjennomført mange kartleggingar av naturfarar. Det er blant anna utarbeidd aktsemdskart for store delar av Noreg. NVE sitt aktsemdskart for snøskred og aktsemdskart for steinsprang viser potensielle losne- og utløpsområde for skred. Karta er eit godt hjelpemiddel for vidare vurdering av skredfare.

NGU har kart som viser kvar vi finn marin grense i Noreg, og NVE har oversiktskart over større faresoner for kvikkleireskred. Vidare ligg det føre flaumsonekart for ei rekkje vassdragsstrekningar og aktsemdskart for jord- og flaumskred. Sjå farekart og databasar på NVE sine karttenester.

Område merkte av på aktsemdskart må utgreiast nærare av fagkunnig før det eventuelt kan stadfestast at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Søkjar (tiltakshavar/ansvarleg søkjar) har ansvar for å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane som søkjar gjer av blant anna arealplanar, kartgrunnlag og aktsemdskart, vil søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.

Søknad som tiltakshavar kan stå for sjølv

Tiltak etter pbl. § 20-4 krev ikkje bruk av ansvarlege føretak. Dette er eksempelvis søknad om deling av eigedom, søknad om oppføring av tilbygg inntil 50 m2 og garasje inntil 70 m2. Der tiltakshavar fremjar søknaden sjølv, tek tiltakshavar på seg ansvaret for at krava i pbl. § 28-1 med tilhøyrande føresegner i TEK17 er oppfylte. Tiltakshavar må sjølv vurdere krav til tryggleik og eventuelt hente inn fagkunnig bistand.

I byggjesaker som tiltakshavar står for, skal det i søknaden oppgjevast om byggverket skal plasserast i område med naturfare. Skjemaa inneheld spørsmål om byggverket skal plasserast i flaumutsett eller skredutsett område, og om det ligg føre andre natur- eller miljøforhold som inneber vesentleg ulempe. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved der søknaden gjeld utbygging i område som eksempelvis er merkte av i aktsemdskart.

Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling
I desse sakene skjer det inga saksbehandling i kommunen. SAK10 § 4-1 inneheld føresegner om kva for tiltak som ikkje krev søknad og som tiltakshavar kan oppføre sjølv. Dette kan til dømes vere oppføring av garasje inntil 50 m2 eller mindre tiltak som mindre fyllingar og planeringar. Unntak frå søknad og saksbehandling føreset at tiltaket er i samsvar med plan- og bygningslovgjevinga, medrekna at tiltaket er i samsvar med pbl. § 28-1 og TEK17.

Dei materielle krava til blant anna tryggleik er dei same for desse tiltaka som for dei søknadspliktige tiltaka. Det er tiltakshavar åleine som har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Også mindre tiltak kan medføre store konsekvensar. Eksempelvis har store kvikkleireskred vortne utløyste av mindre utgraving og masseforflytting.

Det er eit vilkår for unntak frå søknadsplikt at tiltaket er i samsvar med føresegner gjevne i eller i medhald av plan- og bygningslova, eksempelvis arealplan og TEK17, og at krav til tryggleik er tilstrekkeleg utgreidd. Dersom eit tiltak eksempelvis skal gjerast i eit område med kvikkleire, og den reelle faren for kvikkleireskred ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, vil krav til tryggleik i TEK17 i utgangspunktet ikkje vere oppfylt. Tiltak i kvikkleireområde er derfor normalt ikkje unnatekne frå søknadsplikt.

Det skal liggje føre dokumentasjon frå fagkunnig når det skal byggjast i område med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt blant anna i område som er merkte av som omsynssoner i plan, område merkte av på aktsemdskart, område der det er kjent fare eller område som har ein topografi som tilseier risiko.

Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar, ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med saka.

Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, vil vilkår for unntak vere til stades, og tiltaket kan oppførast utan søknad og saksbehandling. Det vil vere naturleg å sende denne dokumentasjonen over til kommunen som dokumentasjon for at vilkår for unntak er oppfylt.

Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig og kunne visast fram dersom kommunen etterspør han.

11.4. Ansvaret dei ansvarlege føretaka har

I byggjesaker med ansvarlege føretak ligg det først og fremst til ansvarleg prosjekterande å oppfylle krav til tryggleik mot naturpåkjenning.

Det er ansvarleg søkjar og tiltakshavar som skriv under søknaden og føreslår plasseringa av tiltaket. Ansvarleg søkjar skal sjå til at forholdet til tryggleik mot naturpåkjenningar er tilstrekkeleg vareteke. I omsynssoner, område merkte av på aktsemdskart, område utanfor arealplan og område med kjent fare, må ansvarleg søkjar sjå til at tiltakshavar hentar inn relevant kompetanse til å utgreie tryggleiken, slik at søknaden kan stadfeste tilstrekkeleg tryggleik.

Søknaden skal leggjast ved rapporten frå den fagkunnige som dokumentasjon for tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal også leggjast ved erklæringar om ansvarsrett der det er behov for å prosjektere eventuelle kompenserande tiltak. Ansvarleg søkjar har ansvar for at søknaden inneheld nødvendige vedlegg og er komplett. Ansvarleg søkjar har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane ansvarleg søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil ansvarleg søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.

Område merkte av på aktsemdskart må utgreiast nærare av fagkunnig før ansvarleg søkjar eventuelt kan stadfeste i søknaden at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Ved behov for særskilte faglege utgreiingar, eksempelvis fordi byggjetomta ligg innanfor eit område som er merkt av på aktsemdskart, må ansvarleg søkjar vidareformidle dette til tiltakshavar. Tiltakshavar må hente inn fagkunnige utgreiingar før byggjesøknaden kan bli komplett. I søknaden skal det særskilt gjerast greie for om byggverket skal plasserast i område med naturfare.

Vidare skal tryggleiksklassen for byggverket oppgjevast i byggjesøknaden. Plassering i tryggleiksklasse skal grunngjevast, med mindre plasseringa følgjer av dei retningsgjevande døma i rettleiinga til TEK17 kap. 7. Sidan tryggleiksklassane byggjer på vurderingar av konsekvens og sannsyn for naturfaren, må vurderingar frå fagkunnige liggje til grunn for tryggleiksklasseplasseringa som blir oppgjeven i søknaden til kommunen, der tryggleiksklassen vik frå retningsgjevande døme. Ansvarleg søkjar skal sjå til at heile tiltaket har ansvarsretten i orden og at nødvendige ansvarlege føretak kjem på plass.

Ansvarleg prosjekterande har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Det skal plasserast ansvar for den prosjekteringa som blir gjort i samband med rammesøknaden, før ein gjev rammeløyve. Dette er særleg aktuelt for tryggleik mot naturpåkjenning. Det er ansvarleg søkjar som skal syte for at det er knytt ansvar til alle prosjekteringsoppgåver, også ved rammesøknad.

I tilfelle der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, vil prosjekteringa normalt plasserast i tiltaksklasse 2 eller 3 sidan konsekvensen ved eventuelle feil og manglar kan vere alvorlege og oppgåva har ein viss kompleksitet og vanskegrad.

Prosjektering av fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold ligg i tiltaksklasse 2 der metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla, og i tiltaksklasse 3 der metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla, jf. SAK10 § 9-4.

Der prosjektering av geoteknikk er plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf. SAK10 § 14-2. Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.

Retningsgjevande døme for tiltaksklasseplassering ved prosjektering av geoteknikk
Fagområde: Geoteknikk - utarbeiding av grunndata og fundamentering med eventuelt sikringstiltak for bygg, anlegg eller konstruksjon.
Tiltaksklasse 1Tiltaksklasse 2Tiltaksklasse 3

Småhus inntil 3 etasjar.

 

Andre byggverk inntil 2 etasjar med oversynlege og enkle grunnforhold

 

Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som i samsvar med NS-EN 1990 + NA blir plassert i pålitelegheitsklasse 1.

Fundamentering av byggverk med 3–5 etasjar.

 

Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold. Metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla.

 

Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som i samsvar med NS-EN 1990 + NA blir plassert i pålitelegheitsklasse 2.

Byggverk med fleire enn 5 etasjar

 

Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold.

 

Metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla.

 

Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som i samsvar med NS-EN 1990 + NA blir plassert i pålitelegheitsklasse 3 og 4.

11.5. Skal det knytast ansvar til kartlegging og utgreiing, og i så fall når?

Ved søknad om byggjeløyve skal det gjerast greie for om krava til tryggleik er oppfylte. Det er kravd faglege kvalifikasjonar for å gjere ei slik utgreiing. Slik kompetanse har normalt ikkje tiltakshavar eller ansvarleg søkjar. Kompetansen må derfor innhentast og dokumentasjon frå fagkunnig må leggjast ved for at søknaden skal bli fullstendig. Ansvarleg søkjar har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.

Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen frå fagkunnig følgjer byggjesøknaden. Det fagkunnige føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ta på seg ansvarsrett. Ansvarleg søkjar stadfester i søknaden at tiltaket ikkje er plassert i fareområde og legg ved dokumentasjonen frå fagkunnig som vedlegg.

I dei tilfella der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for prosjekteringa. Kartlegginga vil vere ein nødvendig føresetnad for å prosjektere kompenserande tiltak slik at byggverket skal kunne oppfylle krava til tryggleik. Forholda på byggjetomta og kompenserande tiltak vil samla bidra til at krava til tryggleik blir oppfylte. Prosjekteringa må byggje på dei vurderingane og konklusjonane som kjem fram av kartlegginga. Kartlegginga vil derfor vere eit nødvendig grunnlag for og del av prosjekteringa. I desse tilfella skal det knytast ansvarsrett til kartlegginga og prosjekteringa. Ansvarsrett må vere på plass ved søknad om rammeløyve, fordi vurderingane av tryggleik er nødvendig for at tryggleik kan stadfestast i søknaden og for at byggjeløyve skal kunne gjevast.

11.6. Klagerett

Dersom kommunen avslår ein søknad med grunngjeving at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik etter pbl. § 28-1, kan avslaget klagast inn på vanleg måte etter reglane i forvaltningslova.

Dersom kommunen ikkje avslår, men ber om ytterlegare dokumentasjon av grunn- og/eller miljøforhold, er dette ei prosessleiande avgjerd som ikkje kan klagast inn. Å be om ytterlegare dokumentasjon er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2.

Gå tilbake til toppen