Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.6. Avslag i byggesak

Grunn kan berre byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold.

Søkjar må gjere greia for krava til tryggleik

Kommunen skal vurdere forholdet til plan- og bygningslova (pbl) § 28-1 som ein del av saksbehandlinga for alle byggje- og delesaker. I søknaden skal søkjar gjere greie for om krava til tryggleik er oppfylte. I potensielle fareområde krev ein faglege kvalifikasjonar for å kartleggje og utgreie om det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar. Normalt har ikkje tiltakshavar eller ansvarleg søkjar slik kompetanse. Kompetansen må derfor hentast inn, og dokumentasjon frå fagkunnig må leggjast ved for at søknaden skal bli fullstendig.

Avslag dersom tryggleikskrava ikkje er dokumenterte

Kommunen skal gje avslag på byggjesøknaden i potensielle fareområde dersom det ikkje er stadfest og dokumentert tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe i søknaden. Pbl. § 28-1 er ein avslagsheimel, og han inneheld ei plikt for kommunen til å avslå der krava til tryggleik ikkje er tilfredsstillande dokumenterte. Eit avslag gjeve i medhald av § 28-1 skal grunngjevast, jf. forvaltningslova (fvl.) §§ 24 og 25.

Krav til tryggleik gjeld ved alle typar byggjearbeid

Kravet til tryggleik gjeld for oppføring, tilbygg, påbygg, underbygging og plassering av alle typar byggverk. Dette omfattar blant anna bygningar, anlegg, konstruksjonar, terrenginngrep, opparbeiding av veg og parkeringsplassar.

Kravet til tryggleik gjeld uavhengig av sakstype og søknadsplikt. Pbl. § 28-1 gjeld for alle nye tiltak. Føresegna gjeld også for tiltak på beståande byggverk og bruksendringar av bygning, anlegg eller tomt.

Krav til tryggleik gjeld ved deling av eigedom

Kravet til tryggleik gjeld ved søknad om deling av eigedom. Omgrepet deling omfattar alle søknadspliktige delingar, uavhengig av om frådelinga skjer til bustadføremål eller anna føremål.