Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

2.8. Kommunen kan stille særlege krav

Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik, kan kommunen stille særlege krav til byggjegrunn, byggverk og uteareal. Dette følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 andre ledd.

Særlege krav blir fastsette i løyvet til tiltaket. Føresetnaden for å setje krav/vilkår etter andre ledd er at det dreier seg om ein fare eller ei vesentleg ulempe som går inn under fyrste ledd. Det er føremålstenleg med trinnvis saksbehandling slik at vilkåra kan fastsetjast tidlegast råd.

Særlege krav refererer til tiltak eller vilkår som veg opp for faren eller den vesentlege ulempa. Det kan eksempelvis dreie seg om tiltak i form av flaumverk, utforming av bygning eller vilkår som avgrensar bruken av uteareal eller bygning eller bygningsdel.

Etter innføringa av ansvarsrettsreforma i 1997 blir kommunane rådde frå å føreslå val av konkrete/detaljerte sikringstiltak. Når det gjeld prosjektering og utføring av sikringstiltak, bør dette følgje ansvarsrettssystemet der det tilhøyrer prosjekteringsansvaret å finne fram til dei konkrete tiltaka eller løysingane som eliminerer faren eller den vesentlege ulempa, eller reduserer den til eit tilfredsstillande nivå i tråd med krav i byggteknisk forskrift (TEK10). Dette er prosjekterande sitt ansvar.

Kommunen skal sjå til at det blir lagt fram tilstrekkeleg dokumentasjon og bør eventuelt vurdere å krevje uavhengig kontroll av prosjekteringa.