Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

2. Generelt om regelverket

Innleiing

Krav til tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- og miljøforhold gjeld for alle tiltak som er omfatta av byggjesaksdelen i plan- og bygningslovgjevinga. Krava til tryggleik følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) §§ 28-1 og 29-5 og byggteknisk forskrift (TEK10), særlig Kapittel 7 sikkerhet mot naturpåkjenninger . Krava til tryggleik gjeld for alle tiltak som er omfatta av byggjesaksføresegnene i lova, uavhengig av om dei er underlagde krav om søknad eller er unnatekne frå søknad og behandling.

Plan- og bygningslovgjeving skal sikre vern av liv og materielle verdiar. Regelverket legg opp til at tryggleik mot naturpåkjenningar skal vurderast og varetakast i alle fasane i plan- og byggjesaksprosessane. Utgangspunktet for vurderingane av tryggleik i både arealplanlegging og byggjesak er krava til tryggleik gjevne i TEK10.

I tillegg til å gje heimel for krav til tryggleik mot naturpåkjenningar i TEK10, gjev pbl. § 28-1 kommunen heimel for å fatte ulike vedtak i byggjesak.

Kva kan vedtakast etter plan- og bygningslova § 28-1?

  •  Avslag i byggjesak

     

  •  Byggje- og deleforbod

     

  •  Kommunen kan stille særlege krav


Denne rettleiinga tek føre seg krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging. Ho omtaler ikkje laster som byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster. Ho omtaler heller ikkje krav om tryggleik mot menneskeskapt fare og ulempe, som ureining, støy, søppelfyllingar, avfallsdeponi, lukt og liknande.

I dette kapittelet gjer vi greie for

  • på kva stadium i plan- og byggjesaksprosessane krav til tryggleik skal vurderast

  • utgangspunktet for krava og kva tiltak tryggleikskrava gjeld for

  • kva vurderingar av tryggleik som skal gjerast ved arealplanlegging, vedtak om byggjeforbod, byggjesak mv. 

Avslutningsvis skildrar vi kva tryggleikskrav som gjeld for tiltak som også er regulerte av andre lover.

Ulike naturfarar, og roller og ansvar i byggjesaksprosessane blir omtalte i eigne kapittel.