Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

3. Klimaendringar

3.3. Kva konsekvensar kan klimaendringane få for utbygging i fareområde?

Effekten av klimaendringane vil spele ei rolle for det bygde miljøet, både for plassering av bygningar og for kva laster bygningane må tole. Omsynet til klimatilpassing i arealplanlegginga er omtalt i kapittel 5 i NVEs retningslinje flaum og skredfare i arealplanar, revidert 2014. NVEs faktaark 3-2015 Hvordan ta hensyn til klimaendringer i arealplanleggingen gjev også nyttig informasjon.

 

Korleis blir flaumfaren påverka?

Endringar i nedbør og temperatur vil føre til at flaummønsteret endrar seg. Når temperaturen stig, vil vårflaumen kome tidlegare. Når snømengdene blir reduserte vil snøsmelteflaumane i dei store elvane bli mindre. Når vinternedbøren kjem som regn i staden for snø, kan det bli fleire flaumar i vinterhalvåret. Også sommarregn kan skape alvorlege situasjonar. Framskrivingar for flaum er usikre, og det er store lokale variasjonar.

 

Flaum i små vassdrag

Klimaframskrivingane viser at episodar med styrtregn vil kome oftare, og derfor oftare og større flaumar i små vassdrag. Langs små, bratte elvar og bekkar kan vatnet grave ut nye løp eller rive med seg lausmassar i farlege flaumskred. Her må ein vere særleg aktsam. Det går fram av NVE si retningslinje flaum og skredfare i arealplanar, revidert 2014 at for alle vassdrag med nedslagsfelt mindre enn ca 100 km2, må ein rekne med minst 20 % auke i vassføring på grunn av flaum dei neste 50 – 100 åra. I arealplanlegginga må det takast omsyn til den auka flaumfaren.

 

Flaum i større vassdrag

Det går også fram av NVE si retningslinje at i enkelte regionar, særleg på Vestlandet og i Nordland, reknar ein med at flaumane også i større vassdrag vil bli vesentleg større. I mange vassdrag i desse regionane kan flaumvassføringa ved dagens 200-årsflaum auke med meir enn 20 % dei neste 100 åra, i somme meir enn 40 %. I arealplanlegginga må det takast omsyn til den auka flaumfaren.

 

Overfløyming på grunn av overvatn utanfor vassdrag

Med overvatn meiner vi overflateavrenning (regn og smeltevatn) frå t.d. plassar, gater og takflater. Hyppige episodar av styrtregn/ekstremnedbør vil føre til auka overvatn og lokale overfløymingar på stader der det ikkje er vassdrag. Slike overfløymingar kan medføre store skadar. Dette er det spesielt viktig å vere merksam på ved fortetting i urbane område.

 

Havnivåstigning

Heving av havnivået kan føre til behov for å byggje lenger unna sjøen, eller å leggje inn større tryggleiksmarginar enn det ein til no har vore van med.

 

Korleis blir skredfaren påverka?

Det er mange ulike typar skred, og årsakssamanhengane mellom klima og skred er komplekse. Det er ein klår samanheng mellom nedbør, temperatur og vindforhold og ulike former for snøskred. Når temperaturen aukar, blir faren for snøskred redusert, men samstundes kan faren for sørpeskred og våtsnøskred auke. Oftare episodar med stor nedbørintensitet kan auke risikoen for jordskred og flaumskred. Kvikkleireskred blir i dei fleste tilfelle utløyste av menneskeleg aktivitet, men kan også utløysast av lange periodar med mykje regn og erosjon langs bekkar og elvar.

Endringar i nedbørsmønster og nedbørsmengd kan innebere at det kjem skred i område der dette ikkje er kjent frå tidlegare, eller i område der det tidlegare ikkje har vore slik fare. Fleire store nedbørshendingar i bratt terreng tilseier auka fare for flaumskred. Utvasking, snauhogst og skogbrann kan også føre til skredfare på nye stader.

 

Klima- og sårbarhetsanalysar for bygningar i Noreg

Direktoratet for byggkvalitet har fått gjennomført klima- og sårbarheitsanalysar for bygningar i Noreg (SINTEF Byggforsk). Desse analysane gjev fylkesvise oversikter for havnivåstiging, årsmiddeltemperatur, årsnedbør, sesongnedbør, våt vinternedbør, risiko for råteskadar og snølast kombinert med våt vinternedbør.

Analysane er baserte på den førre Klima i Norge-rapporten frå 2009, og kan gje nyttig informasjon om korleis klimaet påverkar det bygde miljøet: