Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

4. Flaum

4.4. Sikringstiltak

Føresetnaden for å plassere byggverk i område der sannsynet for flaum er større enn minstekravet i forskrifta, er at ein gjennomfører risikoreduserande tiltak. Dette kan vere sikringstiltak i området eller tilpassing av byggverk. Dei risikoreduserande tiltaka må redusere sannsynet for eller konsekvensen av flaumvatn mot byggverk til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.

Der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre byggverk mot flaum, kan ein utforme og dimensjonere byggverket slik at det toler overfløyming og dermed ikkje fører til fare for menneske eller større materielle skadar.

Byggverk som i kraft av funksjonen sin må liggje i flaumutsette område, slik som kaiar, bruer, pumpehus og liknande, må konstruerast og oppførast slik at dei er i stand til å tole belastningane under flaum. Tryggleiken for dammar og andre vassdragstiltak er regulert etter reglane i vassressurslova og tilhøyrande forskrifter.

Døme på sikringstiltak:

  • heve byggjegrunnen til flaumsikkert nivå

  • flaumvollar/flaumverk eller utvidingar av elveløp for å hindre overfløymingar

  • erosjonssikring av elvebreidder og -botn for å hindre utrasingar eller at elva tek seg nytt løp

  • sedimentasjonsbasseng for å fange opp lausmassar i elveløp på ein kontrollert måte

  • reguleringsmagasiner som held tilbake flaumvatn og dempar flaumtoppen

  • byggje uten kjellar