Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

3. Flaum

Kapittelet tek føre seg flaumprosessar og seier kva tryggleiksnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

ikon_Peker.svg Dette kan du lese om i kapittelet

i tillegg til å ta føre seg flaumprosessar og angi kva for tryggleiksnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde, får du

  • informasjon om flamkartlegging og kva for sikringstiltak som kan vere aktuelle i flaumutsette område.
  • beskrivelse av flaum som fenomen, korleis flaum blir påverka av blant anna nedbør og korleis flaumar utvekler seg i ulike miljø.

3.1. Flaumprosessar

Med flaum meiner vi her overfløyming ved auka vassføring og vasstand i elvar, bekker og vatn som følgje av stor nedbør og/eller snøsmelting, og oppdemming som følgje av isgang eller skred.

Faren for skade ved flaum vil variere med vassdjupn og fart, og om det er erosjon og massetransport i vassdraget.

Erosjon er ein framskridande prosess der tryggleiksnivået ikkje kan oppgjevast som gjentaksintervall, slik som for flaum. Byggverk må leggjast i sikker avstand frå erosjonsutsett skråning, eventuelt må skråninga sikrast mot erosjon. Krav til tryggleik mot erosjon følgjer av TEK17 § 7-2 fjerde ledd.

I store sakteflytande elvar vil det først og fremst vere fare for materielle skadar ved overfløyming. Kombinasjonen av mykje regn og kraftig snøsmelting kan gje svært store flaumar, men vil utvikle seg gradvis slik at det er tid til å evakuere.

I små, og særleg i bratte vassdrag, vil flaumen utvikle seg raskare. Intense og kraftige byger kan gje stor vassføring i små elvar og bekker, der nedbørfeltet er lite og responsen er rask. I nokre tilfelle kan vatnet brått ta nye vegar utanfor det etablerte elveløpet, særleg dersom det er innsnevringar som følgje av bruer eller kulvertar. I vassdrag som går gjennom lausmassar vil vatnet grave i elveskråningane, transportere massane nedover vassdraget, og avsetje massane der vassdraget flatar ut og straumen avtek. Flaum med svært stor masseføring i eit bratt vassdrag kallar vi flaumskred, og det kan medføre fare for menneskeliv. For flaum som kan medføre fare for tap av menneskeliv, gjeld tryggleikskrava for skred, § 7-3 Sikkerhet mot skred.

3.2. Tryggleik mot flaum

Krava til tryggleik mot flaum er gjevne i TEK17 § 7-2. Føresegnene gjeld tryggleik mot sakteveksande flaumar som normalt ikkje medfører fare for menneskeliv. For typar av flaumar som kan medføre fare for tap av menneskeliv, gjeld krava for skred som er skildra i TEK17 § 7-3. Tryggleik mot erosjon er regulert av TEK17 § 7-2 fjerde ledd.

Føresegna i § 7-2 gjeld også for stormflod. Stormflod er omtalt i kapittel 4.

Nokre byggverk skal ikkje plasserast i flaumutsette område

Det følgjer av TEK17 § 7-2 første ledd at byggverk som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering, ikkje skal plasserast i flaumutsett område dersom konsekvensen av flaum vil føre til at beredskapen blir svekt. Dette kan til dømes vere regionsjukehus, regionale eller nasjonale beredskapsinstitusjonar og liknande. 

Kravet i første ledd opnar likevel for at tryggleiken kan varetakast gjennom sikringstiltak. Det vil seie at byggverk kan plasserast i flaumutsett område dersom det klart kan dokumenterast at sikringstiltak sikrar at ein eventuell flaum ikkje vil svekkje beredskapen. 

Formålet med særlege restriksjonar for nasjonale og regionale beredskapsinstitusjonar er å sikre at desse kan vere operative dersom ei alvorleg hending hender.

Byggverk i flaumutsett område er oppdelt i tre tryggleiksklassar

Ved plassering av byggverk i flaumutsette område er det definert tre tryggleiksklassar med ulike flaumstorleikar (oppgjevne med gjentaksintervall), F1, F2 og F3. Kva for ein tryggleiksklasse ulike typar byggverk tilhøyrer, er avhengig av konsekvensane ved overfløyming. Konsekvensane er igjen avhengige av kva funksjonar byggverka har og kostnadene ved skadar.

Sikkerhetskrava i TEK17

Tryggleikskrava i TEK17 § 7-2 andre ledd kan oppnåast anten

  • ved å plassere byggverket utanfor flaumutsett område,
  • ved å sikre det mot overfløyming eller
  • ved å dimensjonere og konstruere byggverket slik at det toler belastningane og ein unngår skadar.

Der det er praktisk mogleg, bør ein velje det første alternativet som er å plassere byggverket utanfor området som blir overfløymt ved flaum med det aktuelle gjentaksintervallet.

 

Kvam i Gudbrandsdalen 2013. Store nedbørsmengder førte til flaum og store øydeleggingar. Foto: NTB Scanpix
Bilete 4.2. Kvam i Gudbrandsdalen 2013. Store nedbørsmengder førte til flaum og store øydeleggingar. Foto: NTB Scanpix

Korleis definerer vi flaumfaren?

Tryggleik mot flaum blir regulert ved tryggleiksklassar med utgangspunkt i største nominelle årlege sannsyn. Flaumstorleikar blir gjerne oppgjevne med eit tal års gjentaksintervall. Gjentaksintervallet seier kor ofte ein flaum eller stormflod av same storleik opptrer i gjennomsnitt over ei lang årrekkje. Ein flaum med gjentaksintervall på 200 år, også kalla 200-årsflaum, opptrer i gjennomsnitt kvart 200. år. Kvart år er sannsynet for 200-årsflaum lik 1/200, det vil seie 0,5 prosent. Dette utelukkar ikkje at ein kan få to 200-årsflaumar med kort tids mellomrom. Berekning av gjentaksintervall for flaum er basert på historiske observasjonar og måling av vassføring og/eller vasstand.

Oversikt over tryggleiksklassane og retningsgjevande døme

Tabellen nedanfor viser døme på byggverk som er knytte til TEK17 § 7-2 første og andre ledd. Lista viser retningsgjevande døme på byggverk i dei ulike tryggleiksklassane. Det finst ei rekkje ulike tiltak som tabellen ikkje har retningsgjevande døme for. Ved plassering av tiltak i tryggleiksklasse må ein sjå til dei retningsgjevande døma. Plassering av tiltak i tryggleiksklasse må grunngjevast særskilt dersom plasseringa ikkje følgjer av dei retningsgjevande døma.

For tilbygg og bruksendring følgjer det av § 7-2 femte ledd at nokre mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse F1, sjølv om bygningen som skal utvidast eller bruksendrast, er omfatta av tryggleiksklasse F2 eller F3 for flaum. For at tiltaket skal kunne plasserast i F1, skal tiltaket blant anna ikkje føre til redusert persontryggleik og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. Slike tilbygg og bruksendringar går ikkje fram av tabellen nedanfor.

Tryggleiksklasse F1 gjeld tiltak der overfløyming har liten konsekvens. Dette omfattar byggverk med lite personopphald og små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

Tryggleiksklasse F2 gjeld tiltak der overfløyming har middels konsekvens. Dette omfattar dei fleste byggverk berekna for personopphald. Dei økonomiske konsekvensane ved skadar på byggverket kan vere store, men kritiske samfunnsfunksjonar blir ikkje sette ut av spel.

I delar av flaumutsette område kan det vere større fare enn elles. I flaumutsette område der det under flaum vil vere stor djupn eller sterk straum, bør det vere same tryggleiksnivå som tryggleiksklasse F3. Dette gjeld område der djupna er større enn 2 meter og der produktet av djupn og vasshastigheit (i m/s) er større enn 2 m/s.

Tryggleiksklasse F3 gjeld tiltak der overfløyming har stor konsekvens. Dette omfattar byggverk for sårbare samfunnsfunksjonar og byggverk der overfløyming kan gje stor ureining på omgjevnadene.

Føresegna i § 7-2 første ledd omfattar byggverk som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering.

Slike tiltak skal ikkje plasserast i flaumutsett område dersom konsekvensen av flaum vil føre til at beredskapen blir svekt.

Tabell 3.2. Døme på byggverk som er knytt til TEK17 § 7-2 første og andre ledd
Tryggleiksklasse for flaumKonsekvensStørste nominelle årlege sannsynRetningsgjevande døme
F1liten1/20

garasje

 

lagerbygning med lite personopphald

F2middels1/200

bustad

 

fritidsbustad

 

campinghytte

 

garasjeanlegg

 

brakkerigg

 

skule

 

barnehage

 

kontorbygning

 

industribygg

 

driftsbygning i landbruket som ikkje inngår i F1

F3stor1/1000

byggverk for særleg sårbare grupper av befolkninga, til dømes for sjukeheim og liknande

 

byggeverk som skal fungere lokale beredskassituasjonar, til dømes sjukehus, brannstasjon, politistasjon, sivilforsvarsanlegg og infrastruktur av stor samfunnsmessig betydning. For byggverk som har regelmessig betydning. For byggverk som har regional eller nasjonal betydning i beredskapssituasjonar gjeld § 7-2 første ledd.

 

avfallsdeponi der overfløyming kan gje ureiningsfare. For deponi som omfatta av storulukkeforskrifta, gjeld § 7-2 første ledd.

§ 7-2 første leddsærleg stor 

byggverk som er avgjerande for nasjonal eller regional rolle for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regionale/nasjonale beredskapsinstitusjonar o.l.

 

Byggverk skal plasserast eller sikrast slik at det ikkje oppstår skade ved erosjon

Byggverk må leggjast i sikker avstand frå erosjonsutsett skråning, eventuelt må skråninga sikrast mot erosjon. Meir informasjon om erosjon er gjeve i rettleiinga til TEK17.

3.3. Flaumkartlegging

Der det kan vere tvil om det ligg føre fare for flaum, skal fagkunnige med dokumentert kompetanse gjennomføre vurderingar og eventuelt utgreiingar av flaumfaren.

For flaum finst det to kategoriar kart som blir brukte i samband med arealplanlegging og byggjesaksbehandling; aktsemdskart og faresonekart (flaumsonekart). Karta er tilgjengelege som WMS-teneste og for nedlasting, sjå detaljar i NVE sin kartkatalog. Karta er også tilgjengelege på NVE Atlas og NVE temakart.

Faresonekart/flaumsonekart

For å dokumentere at tryggleiksnivået i TEK17 er oppfylt, gjev faresonekart (flaumsonekart) verdifull informasjon. Informasjonen frå slike kart kan vurderast opp mot tryggleikskravet for aktuelle bygningar. Dersom kartlegginga viser at sannsynet for ei hending er større enn det som er gjeve i TEK17, må kommunen gje avslag på byggjesøknaden eller be om ytterlegare dokumentasjon på at tryggleiken likevel er vareteken.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd flaumsonekart for dei mest skadeutsette strekningane i Noreg. Karta viser kva for område som blir overfløymde ved ulike gjentaksintervall. Det er også oppgjeve vasstand for ulike tverrprofilar, og ein tryggleiksmargin som skal leggjast til ved planlegging av ny bygningsmasse. Flaumsonekarta er baserte på historiske observasjonar og måling av vassføring og/eller vasstand. For vassdrag med utløp i sjø er stormflod lagt inn i analysen. Karta er produserte på digital form slik at brukarane kan nytte dataa i eigne verktøy.

Flaumsonekarta gjev verdifull informasjon for å dokumentere at tryggleikskrava for flaum er oppfylte. I tillegg kan karta brukast som grunnlag for sikringstiltak, flaumvarsling og beredskapsplanlegging.

Ved mistanke om flaumfare der det ikkje er utarbeidd flaumsonekart, må det hentast inn nødvendig kompetanse til å utgreie flaumfaren. I kapittel 10 Roller og ansvar blir det gjort greie for kven som har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane.

Aktsemdskart

NVE sitt aktsemdskart for flaum er eit nasjonalt datasett som på eit overordna nivå viser kva for areal som kan vere utsette for flaumfare. Aktsemdskartet vil aldri kunne bli heilt nøyaktig, men er godt nok til å gje ein indikasjon på kvar flaumfaren bør vurderast nærare. Informasjonen i kartet kan nyttast som eit første vurderingsgrunnlag i konsekvensutgreiings- og/eller i risiko- og sårbarheitsanalysar knytte til kommuneplanen og for å identifisere potensielle fareområde for flaum. Dei potensielle fareområda kan leggjast til grunn ved fastsetjing av flaumomsynssoner og planføresegner. Metoden som aktsemdskartet er basert på, gjer at kartet åleine ikkje er eigna til bruk i reguleringsplanarbeid eller for å vurdere flaumsikker utbygging i samsvar med krava i TEK17 § 7-2.

3.4. Sikringstiltak

Føresetnaden for å plassere byggverk i område der sannsynet for flaum er større enn minstekravet i forskrifta, er at det blir gjennomført risikoreduserande tiltak. Dette kan vere sikringstiltak i området eller tilpassing av bygningsmassen. Dei risikoreduserande tiltaka må redusere sannsynet for eller konsekvensen av flaumvatn mot bygningsmasse til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.

Der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre byggverk mot flaum, kan ein utforme og dimensjonere byggverket slik at det toler overfløyming og dermed ikkje fører til fare for menneske eller større materielle skadar.

Byggverk som i kraft av sin funksjon må liggje i flaumutsette område, slik som kaiar, bruer, pumpehus og liknande, må konstruerast og oppførast slik at dei er i stand til å tole belastningane under flaum. Tryggleiken for dammar og andre vassdragstiltak er regulert etter reglane i vassressurslova og tilhøyrande forskrifter.

Døme på sikringstiltak:

  • heve byggjegrunnen til flaumsikkert nivå flaumvollar/flaumverk eller utvidingar av elveløp for å hindre overfløymingar
  • erosjonssikring av elvebreidder og -botn for å hindre utrasingar eller at elva tek seg nytt løp
  • sedimentasjonsbasseng for å fange opp lausmassar i elveløp på ein kontrollert måte
  • reguleringsmagasin som helder tilbake flaumvatn og dempar flaumtoppen
  • byggje uten kjellar

Organisatoriske tiltak kan ikkje kompensere for manglande tryggleik

Krava til tryggleik i byggteknisk forskrift er sett til vern av liv og materielle verdiar. Byggteknisk forskrift byggjer på eit grunnleggjande prinsipp om at det er byggverket i seg sjølv som skal oppfylle krava til tryggleik. Organisatoriske tiltak vil derfor ikkje kunne kompensere for manglande tryggleik og organisatoriske tiltak kan ikkje bidra til å oppfylle krav til tryggleik etter forskrifta.

Krava til tryggleik skal oppfyllast uavhengig av organisatoriske tiltak. Ei viktig grunngjeving for dette er at organisatoriske tiltak er uføreseielege og sårbare, særleg over tid, som har innverknad både for personleg og materiell tryggleik.

At organisatoriske tiltak ikkje kan bidra til å oppfylle krava til tryggleik er eit gjennomgåande prinsipp som gjeld på alle fagområde i byggteknisk forskrift, medrekna konstruksjonstryggleik, branntryggleik og tryggleik mot naturpåkjenningar. Eksempelvis vil ikkje rutinar for moking av snø på tak kunne kompensere og grunngje ein underdimensjonert takkonstruksjon. På same måte kan ikkje beredskap for å byggje opp flaumgjerde kompensere for at tiltaket ligg i eit område der tryggleik mot flaum ikkje er tilfredsstillande.

Organisatoriske tiltak som eksempelvis mobile flaumverk, kan likevel vere svært føremålstenlege for å auke tryggleiken for eksisterande bygningsmasse i område utsette for flaum. NVE har derfor etablert fleire flaumsikringsanlegg i by- og tettstadområde for å sikre den bygningsmassen som alt finst der. Sidan anlegga ikkje hevar tryggleiksnivået permanent, men inneber at flaumverka blir lukka ved ein varsla flaumsituasjon, gjev dei ikkje grunnlag for vidare utvikling og bygging i områda bak flaumverka.

Gå tilbake til toppen