Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

  • Om temarettleiinga

    Temarettleiinga er først og fremst meint å vere til hjelp for plan- og byggjesaksbehandlarar i kommunane, men vil også vere nyttig for andre. Rettleiinga må sjåast som eit supplement til rundskrivet H-5/18 Samfunnssikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling, opprinneleg utgjeve av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

    Denne temarettleiinga er ei revidert utgåve av temarettleiinga frå 2015. Rettleiinga er oppdatert etter endringane i byggteknisk forskrift §§ 7-3 og 7-4 (i kraft 01.09.22) og §§ 7-2 og 7-4 (i kraft 15.03.2023).

  • Om innhaldet

    Denne rettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging.

    Fordi byggjesak er avhengig av plangrunnlaget, bør byggjesaksdelen av plan- og bygningslova sjåast i samanheng med plandelen. Det er derfor vist til enkelte sentrale planføresegner i plan- og bygningslova.

    Temarettleiinga omtaler ikkje naturpåkjenningar og laster som byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster. Menneskeskapte farar og menneskeskapte vesentlege ulemper som til dømes støy og ureining frå avfall, er heller ikkje omtalte.

4. Stormflod

Vasstanden vi til ein kvar tid observerer er ein kombinasjon av astronomisk påverknad (månen), vêret (som pålandsvind og frålandsvind) og lufftrykk. Kapittel 4 omtalar kort hva stormflod er og gjev informasjon om kartlegging av stormfod.

ikon_Peker.svg Dette kan du lese om i kapittelet

  • I tillegg til ei kort omtale av kva stormflod er og informasjon om kartlegging av stormflod, fortel dette kapittelet litt om tryggingstiltak.
  • Kapittelet inneheld lenkjer til andre nettsider som har meir informasjon om stormflod.
  • Krava til tryggleik mot flaum gjeld også for stormflod. I punkt 3.2. i denne rettleiinga er desse føresegnene omtalte

4.1. Kva er stormflod?

Den vasstanden vi observerer, består av astronomisk tidvatn og eit vêrbidrag som i hovudsak skriv seg frå lufttrykk og vind.

Astronomisk tidvatn er dei vasstandsendringane som kjem av tiltrekningskreftene mellom jord, måne og sol. Dei er størst ved ny- og fullmåne. Då ligg sola, månen og jorda på ei rett linje og trekkjer i same retning. Resultatet er ekstra høge høgvatn og låge lågvatn. Frå Vestlandet og nordover har vi dei største tidvassforskjellane eit par dagar etter ny- eller fullmåne, medan på Sørlandet og i Oslofjorden har vi dei største tidvassforskjellane to–tre dagar før ny- eller fullmåne. Periodane med ekstra store tidvassforskjellar kallar vi springperiodar.

Endringar i lufttrykk og i vind kan ha stor innverknad på vasstanden langs kysten. Lågt lufttrykk fører til høg vasstand, og kraftig pålandsvind vil presse vatn inn mot land slik at vi får høgare vasstand ved kysten. For norskekysten gjeld dette for det meste vind frå sør og vest.

Stormflod
I daglegtalen og rettleiaren elles snakkar ein ofte om stormflod som totalvasstanden. Fagleg sett er det ikkje heilt rett fordi stormflod i utgangspunktet berre viser til vêrbidragsdelen av vasstanden.
er eit omgrep som blir brukt når vêrbidraget til vasstanden er stort, slik at den totale vasstanden på éin stad blir ekstra høg. Frå Vestlandet og nordover må stort vêrbidrag vanlegvis falle saman med ein springperiode for at vi skal få svært høg vasstand. På Sør- og Austlandet kan eit høgt vêrbidrag skape ekstra høg vasstand, uavhengig av tidvatnet.

4.2. Tryggleik mot stormflod

For stormflod gjeld dei same tryggleiksnivå som for flaum. Krava til tryggleik mot stormflod er gjevne i TEK17 § 7-2 første og andre ledd. Desse føresegnene er omtalte i punkt 3.2. Tryggleik mot flaum i denne rettleiaren.

4.3. Kartlegging av stormflod

Kartverket har lange seriar med vasstandsmålingar. Desse er brukte til å berekne vasstandsnivå med ulike gjentaksintervall, det vil seie det havnivået som i gjennomsnitt vil overstigast éin gong i løpet av gjentaksintervallet (til dømes 200 år). Desse nivåa vil endre seg med tida som følgje av klimatisk havnivåstigning. Informasjon om tidvatn, offisielle vasstandsnivå og framskrivingar for havnivå er å finne på Kartverket si temaside for vasstand og havnivå og i rapporten Sea Level Change for Norway: Past and Present Observations and Projections to 2100.

I tillegg til sjølve vasstanden må ein også vurdere bølgjehøgder som kan opptre samtidig med stormfloda på den aktuelle staden. Det er bølgjekreftene som ved høge sjøvasstandar ofte gjev dei største skadane.

I rettleiaren Havnivåstigning og stormflo – samfunnssikkerhet i kommunal planlegging, gjev DSB råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farar, risikoar og sårbarheit for havnivåstigning, stormflod og bølgjepåverknad.

4.4. Sikringstiltak

Føresetnaden for å plassere byggverk i område der sannsynet for stormflod er større enn minstekravet i forskrifta, er at det blir gjennomført risikoreduserande tiltak. Dette kan vere sikringstiltak i området eller tilpassing av bygningsmassen. Dei risikoreduserande tiltaka må redusere sannsynet for eller konsekvensen av stormflod mot bygningsmassen til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.

Der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre byggverk mot stormflod, kan ein utforme og dimensjonere byggverket slik at det toler overfløyming og dermed ikkje fører til fare for menneske eller større materielle skadar.

Byggverk som i kraft av sin funksjon må liggje i område som kan bli utsette for stormflod, slik som kaiar, bruer, pumpehus og liknande, må konstruerast og oppførast slik at dei er i stand til å tole belastningane under stormflod.

Døme på sikringstiltak

  • molo som stormflodvern
  • heve byggjegrunnen til flaumsikkert nivå
  • byggje uten kjellar

 

Gå tilbake til toppen