Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

6. Skred

6.1. Skredtypar

Eit skred vil innehalde stein, lausmassar eller snø, nokre gonger i kombinasjon, og ein større eller mindre del vatn. Døme på skred er steinsprang, steinskred, leirskred, kvikkleireskred, lausmasseskred, flaumskred, jordskred, snøskred og fjellskred.

Skred, og då særleg store fjellskred, kan føre til flodbølgjer og flaum i fjordar og vassdrag som kan få store konsekvensar for menneske og miljø. Det kan oppstå skadelege lufttrykkverknader frå store skred i bratt terreng.

Skred kan delast inn i:

  • skred i fast fjell

  • lausmasseskred

  • snøskred

  • sørpeskred

Skredtypane er kort omtalte nedanfor.

 

Skred i fast fjell

Steinsprang og steinskred

Eit steinsprang eller steinskred oppstår når éi eller fleire steinblokker losnar frå ei bratt fjellside og fell, sprett, rullar eller sklir nedover ei skråning til terrenget flatar ut. Steinskred og steinsprang losnar ofte i bratte fjellparti der hellinga på terrenget er større enn 40 til 45 gradar.

Omgrepet steinsprang blir brukt når det er eit lite volum (inntil nokre hundre kubikkmeter). Steinskred bruker vi når det er eit større volum (nokre få hundre til meir enn hundretusen kubikkmeter).

Fjellskred

Omgrepet fjellskred blir brukt om hendingar med svært store volum, frå tusenvis til millionar av kubikkmeter. Bratte fjellsider som har veikskapssoner og som sprekk opp, er over tid utsette for fjellskred. I Noreg er det fleire ustabile fjellparti som blir overvaka, til dømes Mannen og Åkneset.

Slike fjellparti forskyv seg sakte med fart frå berre nokre millimeter pr. år og opp til meter pr. år. Utviklinga kan likevel gå svært raskt i det siste stadiet. Under rørslene blir fjellet oppsprukke og oppdelt, og det kan danne seg sprekkar. Steinmassane vil etter kvart bli ytterlegare oppdelte og skredet kan få svært høg fart.

Eit fjellskred er større enn eit steinskred og har høgare mobilitet. Skredmassar i eit fjellskred kan oppføre seg som ein massestraum med lang rekkjevidd, medan steinmassar i eit steinskred fell til ro i sjølve skråninga eller i botnen av den.

Store fjellskred med påfølgjande flodbølgje

Store fjellskred har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane vi har hatt i Noreg, spesielt på Vestlandet. Dersom store fjellparti losnar frå fast fjell og styrtar med enorme krefter ned i fjordar eller innsjøar, vil det føre til store flodbølgjer. Skadar kan dermed også oppstå på stader langt unna skredet. Fare for store fjellskred med påfølgjande flodbølgje har vore knytt til område i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Troms.

Lausmasseskred

Omgrepet lausmassar bruker vi for alle typar massar som ligg over fast fjell. Lausmassar kan bestå av stein, grus, sand, silt og leire og jordsmonn med høgt innhald av organisk materiale (torv). Ofte blir lausmassane skildra med utgangspunkt i korleis dei vart danna, som til dømes marin leire, morene avsetningar, forvitringsmateriale, elveavsetningar og ur.

Lausmasseskred er fellesnemninga for alle skred i lausmassar. Denne gruppa kan delast inn i fire skredtypar:

  • jordskred

  • flaumskred

  • leirskred

  • kvikkleireskred

Dei største skilnadene er knytte til kornstorleiken på lausmassane, terrengform og vassinnhald. Dette fører til ulikskapar i losneforhold, utløysingsmekanismar, rørsle, utløpsdistanse og avsetningsform.

Jordskred

Jordskred er raske utglidingar og rørsle av vassmetta lausmassar i bratte skråningar, utanfor definerte vassvegar. Hellinga må normalt vere brattare enn 25-30°. Menneskelege inngrep, som hogst og vegar som endrar dreneringsforholda, kan auke faren for jordskred.

Flaumskred

Flaumskred er hurtige, flaumliknande skred som opptrer langs elve- og bekkeløp, også der det vanlegvis ikkje er permanent vassføring. Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar, større steinblokker, tre og annan vegetasjon i og langs løpet.

Leirskred

Leire består av ørsmå partiklar, mindre enn 0,002 mm, som er danna gjennom forvitring eller knuse- og slipeprosessar i naturen. Partiklane blir vaska vekk av rennande vatn for så å bli sedimenterte i roleg vatn - både i ferskvatn og saltvatn.

Naturlege leirskråningar vil i dei fleste tilfelle ha lite sikring mot skred. Mindre skred og utglidingar kan derfor utløysast ved små endringar i skråningshøgd, skråningshelling eller grunnvasstand.

Den vanlegaste forma for leirskred er grunne overflateglidingar. Leirskred i form av innsynking i overkant av skråning og utgliding i underkant, er også ganske vanleg. Slike skred vil normalt ikkje forplante seg bakover i vesentleg grad. Denne skredforma er typisk for skred som ikkje ligg i kvikkleireområde.

Figur 6.1. Prinsippskisse av leirskred i form av innsynkning/utglidning med djup glideflate (trykk på krysset for å forstørre figuren).
Figur 6.1. Prinsippskisse av leirskred i form av innsynkning/utglidning med djup glideflate (trykk på krysset for å forstørre figuren).

Skred i leireskråningar som ikkje er kvikk, er vanlegvis avgrensa i omfang og konsekvens, men kan vere alvorlege dersom dei kjem nær infrastruktur og byggverk

Kvikkleireskred

Kvikkleire oppstår i marint avsett leire, det vil seie leire som under og rett etter siste istid vart avsett i saltvatn og som deretter har stige over havnivå. Saltvatnet førte til at partiklane vart sedimenterte med ei porøs oppbygging, omtrent som ein korthusstruktur, der holromma (porene) vart fylte med saltvatn. Saltinnhaldet gav sterke bindingskrefter og med det ein sterk konstruksjon. Over mange år har ferskvatn vaska bort mykje av saltet. Når saltinnhaldet kjem under eit visst nivå, blir bindingane svekte, korthusstrukturen ustabil, og det kan dannast kvikkleire.

Kvikkleire mister den faste forma og blir flytande når ho blir omrørt. Når ho får liggje uforstyrra, kan ho vere svært fast.

Kvikkleire kan opptre i større eller mindre område under den marine grensa. Ved tiltak i eller på terrenget kan leira bli flytande, og skred kan forplante seg raskt, også over store avstandar. Typisk for kvikkleireskred er at eit mindre initialskred utløyser eit større skred bakover og til sidene. Etter raset vil partiklane danne ein tettare struktur som gjer leira mykje fastare. Slik leire kan aldri meir bli kvikk.

 

Snøskred

Snøskred er ei plutseleg flytting av store mengder snø nedover ei fjellside eller en skråning. Snøskred blir vanlegvis utløyst der terrenget har helling mellom 30° og 50°. Dei fleste snøskred oppstår på grunn av naturlege forhold, men nokre blir utløyste av menneske som beveger seg i terrenget.

Snøskred blir gjerne delte inni to hovudgrupper: laussnøskred og flakskred. Begge desse skredtypane kan delast basert på vassinnhaldet; tørrsnøskred og våtsnøskred.

 

Sørpeskred

Sørpeskred er hurtige, flaumliknande skred av vassmetta snø. Sørpeskred følgjer ofte senkingar i terrenget og oppstår når det er dårleg drenering i grunnen, til dømes på grunn av tele og is. Sørpeskred kan gå i ganske flatt terreng. Skredmassane har høg tettleik, og sjølv skred med lite volum kan gjere stor skade.