Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

6. Skred

6.2. Tryggleik mot skred

Krava til tryggleik mot skred er gjevne i byggteknisk forskrift (TEK10) § 7-3. Krava gjeld alle typar skred. Føresegnene gjeld også sekundærverknader av skred, til dømes flodbølgjer og flaum. For tryggleik mot kvikkleireskred er det i rettleiinga til TEK10 § 7-3 skildra ein eigen prosedyre for berekning av tryggleik.

Nokre byggverk skal ikkje plasserast i skredfarlege område

Nokre byggverk skal ikkje plasserast i skredfarlege område jf. byggteknisk forskrift (TEK10) § 7-3 fyrste ledd. Dette gjeld byggverk der konsekvensane av ei skredhending, medrekna sekundærverknader, vil vere særleg store og gje uakseptable konsekvensar for samfunnet. Kravet gjeld for alle typar skred, også kvikkleireskred. Kravet kan berre tilfredsstillast ved å plassere byggverket utanfor skredfarleg område, dvs. at det ikkje er ei løysing å sikre byggverket mot skred. Føremålet med føresegna er at nokre spesielle byggverk må fungere ved store skredulukker, eller at eit skred kan gje livsfarleg ureining, jf. tabell 6.2 nedanfor.

Byggverk i skredfarlege område er delte opp i tre tryggleiksklassar

Det er definert tre tryggleiksklassar for skred jf. TEK10 § 7-3 andre ledd, sjå tabell 6.2 nedanfor. Tryggleiksklassane er delte inn etter sannsyn for skred og konsekvens ved skred. Føresegna skal vareta både tryggleik for menneskeliv og for materielle verdiar.

Tryggleikskrava kan oppfyllast anten ved å:

  • plassere byggverket utanfor området som har større skredfare enn TEK10 tillèt for det aktuelle byggverket, eller

  • utføre sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal slik at kravet i TEK10 blir oppfylt, eller

  • dimensjonere og konstruere byggverket slik at det toler belastningane eit skred kan medføre.

Der det er praktisk mogleg, bør ein velje å plassere byggverket utanfor det skredfarlege området.

Korleis blir skredfaren definert?

Skredfaren blir som regel oppgjeven med årleg sannsyn for skred. Gjentaksintervall blir ofte brukt i samband med skred som gjentek seg, til dømes snøskred. Eit snøskred med gjentaksintervall på 1000 år, ofte kalla 1000-årsskred, har eit årleg sannsyn på 1/ 1000, det vil seie 0,1 %. Dette utelukkar ikkje at ein kan få to 1000-årsskred med kort tids mellomrom.

Sannsynet for at eit byggverk skal rammast av skred, er avhengig av sannsynet for at eit skred skal losne, sannsynleg skredløp og utløpsdistanse. Det lèt seg ikkje gjere å berekne skredsannsynet eksakt, og TEK10 oppgjev derfor krav til nominelt årleg sannsyn. Nominelt sannsyn er ein forventa verdi der ein i tillegg til teoretiske berekningsmetodar bruker fagleg skjønn. I område som kan utsetjast for fleire typar skred, er det det samla nominelle årlege sannsynet for skred som skal leggjast til grunn.

Sannsynet uttrykkjer det årlege sannsynet for skredskadar av eit visst omfang, dvs. skred med intensitet som kan medføre fare for liv og helse og/eller større materielle skadar. Dette inneber at ein for dei fleste skredtypar kan redusere utløpsområdet i forhold til det maksimale utløpet til skred med det aktuelle sannsynet.

I fjellsider og skråningar der skred kan opptre tilfeldig langs fjellsida, må ein sjå sannsynet for skred i samanheng med breidda på skredet og utstrekninga av det utsette området. Nominelt sannsyn for skred er definert som sannsyn for skred pr. einingsbreidd på 30 m på tvers av skredretninga når tomtebreidda ikkje er fastlagt.

For kvikkleireskred er det uråd å gradere skredfare etter sannsyn. Det er derfor i rettleiinga til TEK10 skildra ein eigen prosedyre for korleis ein kan oppnå tilfredsstillende tryggleik mot kvikkleireskred etter TEK10 § 7-3 andre ledd. Du kan lese meir om kvikkleireskred her.

Oversikt over tryggleiksklassane og retningsgjevande døme

Føresegna i TEK10 § 7-3 andre ledd oppgjev tre tryggleiksklassar for skred. Tabellen nedanfor viser døme på byggverk som er knytte til TEK10 § 7-3 første og andre ledd.

For tilbygg og bruksending følgjer det av § 7-3 tredje ledd at nokon mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse S1, sjølv om bygningen som skal bli utvida eller bruksendra er omfatta av tryggleiksklasse S2 eller S3 for skred. For at tiltaket skal kunne plasserast i S1 skal tiltaket blant anna ha liten konsekvens for persontryggleiken og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. Slike tilbygg og bruksendringar går ikkje fram av tabellen nedanfor.

Tryggleiksklasse S1 omfattar tiltak der eit skred vil ha liten konsekvens. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt ikkje oppheld seg personar, og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

Tryggleiksklasse S2 omfattar tiltak der eit skred vil gje middels konsekvensar. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar og/eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

For bygningar som høyrer til tryggleiksklasse S2, kan kravet til tryggleik for tilhøyrande uteareal reduserast til tryggleiksnivået som er oppgjeve for tryggleiksklasse S1 (1/100). Dette fordi eksponeringstida for personar og dermed faren for liv og helse normalt vil vere vesentleg lågare utanfor bygningane.

Tryggleiksklasse S3 omfattar tiltak der eit skred vil føre til store konsekvensar. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar og/eller der det er store økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

For bygningar som høyrer til tryggleiksklasse S3, kan det vurderast å redusere kravet til tryggleik for tilhøyrande uteareal til tryggleiksnivået som er oppgjeve for tryggleiksklasse S2 (1/1000), dersom dette vil gje tilfredsstillande tryggleik for tilhøyrande uteareal. Moment som må vurderast i denne samanhengen, er blant anna eksponeringstida for personar og talet på personar som oppheld seg på utearealet.

Føresegna i § 7-3 fyrste ledd omfattar tiltak der skred vil ha særleg stor konsekvens. Dette gjeld byggverk der konsekvensane av ei skredhending, medrekna sekundærverknader, vil vere særleg store og gje uakseptable konsekvensar for samfunnet. Slike byggverk skal ikkje plasserast i skredfarleg område.

Tabell 6.2. Døme på byggverk som er knytte til § 7-3 fyrste og andre ledd

Tryggleiksklasse for skredKonsekvensStørste nominelle årlege sannsynRetningsgjevande døme

S1

liten

1/100

garasje

uthus

båtnaust

mindre bryggjer

lagerbygning med lite personopphald

S2

middels

1/1000

einebustad

tomannsbustad

einbustader i kjede/rekkjehus/ bustadblokk/fritidsbustad med maksimum 10 bueiningar

arbeids- og publikumsbygg/ brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar

driftsbygning i landbruket

parkeringshus og hamneanlegg

S3

stor

1/5000

einebustader i kjede/rekkjehus/ bustadblokk/fritidsbustad med meir enn 10 bueiningar

arbeids- og publikumsbygg/ brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar

skule

barnehage

sjukeheim

lokal beredskapsinstitusjon

§ 7-3 fyrste ledd

særleg stor

 

bygningar som er nasjonalt eller regionalt viktige for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regional/nasjonal beredskapsinstitusjon og liknande.

byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta (verksemder med anlegg der det blir framstilt, brukt, handtert eller lagra farlege stoff).

Når det gjeld fjellskred med påfølgjande flodbølgje der persontryggleik er vareteken og vilkåra i TEK10 § 7-4 er oppfylte, vil likevel føresegna eksempelvis omfatte:

  • Byggverk som må fungere i beredskapssituasjonar. Dette kan vere sjukehus, brannstasjon, politistasjon, sivilforsvarsanlegg og infrastruktur som er samfunnsmessig viktig, så som telekommunikasjon og energiforsyning.

  • Bygningar med bebuarar/ brukarar som ikkje kan evakuerast ved eiga hjelp. Dette kan vere barnehage, sjukeheim, omsorgsbustad og enkelte rehabiliteringsinstitusjonar.

  • Byggverk og installasjonar som kan medføre akutt ureining, så som tankanlegg for lagring/ omsetjing av drivstoff, eksempelvis bensinstasjonar.


Tilfredsstillande tryggleik mot kvikkleireskred

Det spesielle med arbeid ved kvikkleireførekomstar, er at konsekvensane av arbeida i stor grad kan gå ut over andre. Om eit tiltak aukar faren for kvikkleireskred, aukar det ikkje berre faren for at det ein sjølv byggjer, skal bli teke av skred, men også faren for at andre byggverk innanfor faresona kan bli ramma av skred.

Kvikkleireskred opptrer som ei eingongshending. Kravet til tryggleik i TEK10 § 7-3 gjeld også for denne faretypen, men i praksis vil det vere uråd å slå fast sannsynet for kvikkleireskred. Derfor er tryggleiksklassane i § 7-3 andre ledd ikkje så godt eigna. I rettleiinga til TEK10 § 7-3 er det skildra ein eigen prosedyre for korleis ein kan oppnå tilfredsstillande tryggleik mot kvikkleireskred etter TEK10 § 7-3 andre ledd. § 7-3 tabell 1 i rettleiinga til TEK10 gjev preaksepterte ytingar for tryggleik mot kvikkleireskred (områdestabilitet).

For meir informasjon om kvikkleire og kvikkleireskred og for vurdering og prosjektering av tryggleik og utgreiing av områdestabilitet, sjå prosedyren skildra i rettleiinga til TEK10 kap. § 7-3 og NVE sin rettleiar 7-2014 Sikkerhet mot kvikkleireskred - Vurdering av områdestabilitet ved arealplanlegging og utbygging i områder med kvikkleire og andre jordarter med sprøbruddegenskaper .

Kravet i § 7-3 fyrste ledd om at nokre byggverk ikkje kan plasserast i skredfarleg område, gjeld også ved utbygging i kvikkleireområde.

Bilde 6.2 Kvikkleireskred i Namsos i 2009.
Bilde 6.2 Kvikkleireskred i Namsos i 2009. Foto: NTB Scanpix
Foto: NTB Scanpix