Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

6. Skred

6.3. Skredundersøkingar og skredkartlegging

Der det kan vere tvil om det ligg føre fare for skred, skal person(ar) med dokumentert kompetanse gjennomføre skredtekniske analysar og berekningar.

For å dokumentere at tryggleiksnivået i TEK10 er oppfylt, gjev skredkart verdifull informasjon. Informasjonen frå slike kart kan vurderast opp mot tryggleikskravet for aktuelle bygningar. Dersom kartlegginga viser at sannsynet for ei hending er større enn det som er gjeve i TEK10, må kommunen gje avslag på byggjesøknaden eller be om meir dokumentasjon på at tryggleiken likevel er vareteken.

Det finst tre kategoriar kart som blir brukte i samband med arealplanlegging og byggjesaksbehandling; aktsemdskart, faresonekart og faregradskart-kvikkleire. I tillegg blir ustabile fjellparti i Noreg kartlagde gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for store fjellskred.

Karta er tilgjengelege som WMS-teneste og for nedlasting, sjå detaljar i NVEs kartkatalog. Karta er også tilgjengelege på NVE Atlas og NVE Skrednett. Dei kan også lastast ned på NVEs nedlastingsløysing for geodata (gammel versjon).

Aktsomhetskart for skred

Aktsemdskart er grove oversiktskart som er meinte å gje ein fyrste indikasjon på mogleg skredfare. Karta viser potensielle losne- og utløpsområde, men seier ikkje noko om sannsynet for skred. Aktsemdskart bør brukast saman med lokalkunnskap for identifisering av fare på kommuneplannivå. Dei landsdekkjande karta er utarbeidde av Noregs Geologiske Undersøking (NGU) på oppdrag frå NVE.

Det finst i dag fire typar aktsemdskart:

  • Aktsemdskartfor snø- og steinskred

    For delar av landet finst det eldre aktsemdskart for stein- og snøskred frå Noregs Geotekniske Institutt (NGI) som er utarbeidd over fleire tiår. Karta er i tillegg til modellering baserte på enkle feltsynfaringar i område med byggverk der lokale terrengforhold, skogdekke og andre lokale forhold er vurderte. For område som er dekte av NGIs kart kan desse brukast i staden for det landsdekkjande kartet for snøskred.