Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

5. Skred

Eit skred inneheld stein, lausmassar og snø. Vassmengde er også ein viktig faktor i skred. Døme på skred er steinsprang, steinskred, leirskred, kvikkleireskred, lausmasseskred, flomskred, jordskred, snøskred og fjellskred

ikon_Peker.svg Dette kan du lese om i kapittelet

  • Kapittel 5 tek føre seg ulike typar skred og sier noko om kva for tryggleiksnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.
  • Vidare gjev kapittelet informasjon om skredundersøkingar og skredkartlegging og kva for sikringstiltak som kan vere aktuelle i skredutsette område. Krava til tryggleik mot skred er gjevne i byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-3. Krava gjeld alle typer skred. Føresegnene gjeld også sekundærvirkninger av skred.

5.1. Skredtypar

Eit skred vil innehalde stein, lausmassar eller snø, nokre gonger i kombinasjon, og ein større eller mindre del vatn. 

Skred, og då særleg store fjellskred, kan føre til flodbølgjer og flaum i fjordar og vassdrag som kan få store konsekvensar for menneske og miljø. Det kan oppstå skadeleg skredvind frå store skred i bratt terreng. Krava til tryggleik mot skred omfattar også sekundærverknader av skredet.

Skred kan delast inn i:

  • skred i fast fjell
  • lausmasseskred
  • snøskred
  • sørpeskred

Skredtypane er kort omtalte nedanfor.

Skred i fast fjell

Steinsprang og steinskred
Eit steinsprang eller steinskred oppstår når éi eller fleire steinblokker losnar frå ei bratt fjellside og fell, sprett, rullar eller sklir nedover ei skråning til terrenget flatar ut. Steinskred og steinsprang losnar ofte i bratte fjellparti der hallinga på terrenget er større enn 40 til 45 gradar.

Omgrepet steinsprang bruker vi når det er eit lite volum (inntil noen hundre kubikkmeter). Steinskred bruker vi når det er eit større volum (nokre få hundre til meir enn hundretusen kubikkmeter).

Fjellskred
Omgrepet fjellskred bruker vi om hendingar med svært store volum, frå tusenvis til millionar av kubikkmeter. Bratte fjellsider som har veikskapssoner og som sprekk opp, er over tid utsette for fjellskred. I Noreg er det fleire ustabile fjellparti som blir overvaka, særleg i Storfjorden i Møre og Romsdal og rundt Lyngenbassenget i Troms.

Slike fjellparti forskyv seg sakte med fart frå berre nokre millimeter pr. år og opp til meter pr. år. Utviklinga kan likevel gå svært raskt i det siste stadiet. Under rørslene blir fjellet oppsprukke og oppdelt, og det kan danne seg sprekkar. Steinmassane vil etter kvart bli ytterlegare oppdelt og skredet kan få svært høg fart.

Eit fjellskred er større enn eit steinskred og har høgare mobilitet. Skredmassar i eit fjellskred kan oppføre seg som ein massestraum med lang rekkjevidde, medan steinmassar i eit steinskred fell til ro i sjølve skråninga eller i botnen av den.

Store fjellskred
Store fjellskred har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane vi har hatt i Noreg, spesielt på Vestlandet. Dersom store fjellparti losnar frå fast fjell og styrtar med enorme krefter ned i fjordar eller innsjøar, vil det føre til store flodbølgjer. Skadar kan dermed også oppstå på stader langt unna skredet. Fare for store fjellskred med påfølgjande flodbølgje har vore knytt til område i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Troms.

I Noreg er det fleire fjellparti som er under overvaking av NVE på grunn av skredfaren. Høgrisikoobjekta er under kontinuerleg sanntidsovervaking. Dette gjeld Åknes, Mannen og Hegguraksla i Møre og Romsdal, Jettan, Gammanjunni 3 og Indre Nordnes i Finnmark, og Joasetbergi, Tussafoten og Stiksmoen i Vestland fylke. Vidare er det fleire fjellparti med moderat risiko som er under periodisk overvaking. Periodisk overvaking inneber satellittovervaking som måler rørsler i fjellpartia minimum éin gong per veke.

Lausmasseskred

Omgrepet lausmassar bruker vi for alle typar massar som ligg over fast fjell. Lausmassar kan bestå av stein, grus, sand, silt og leire og jordsmonn med høgt innhald av organisk materiale (torv). Ofte blir lausmassane skildra med utgangspunkt i korleis dei vart danna, som til dømes marin leire, morene avsetningar, forvitringsmateriale, elveavsetningar og ur. Lausmasseskred er fellesnemninga for alle skred i lausmassar. Denne gruppa kan delast inn i fire skredtypar:

  • jordskred
  • flaumskred
  • leirskred
  • kvikkleireskred

Dei største skilnadene er knytte til kornstorleiken, terrengforma og vassinnhaldet lausmassane har. Dette fører til ulikskapar i losneforhold, utløysingsmekanismar, rørsle, utløpsdistanse og avsetningsform.

Jordskred
Jordskred er raske utglidingar og rørsle av vassmetta lausmassar i bratte skråningar, utanfor definerte vassvegar. Hallinga må normalt vere brattare enn 25–30°. Menneskelege inngrep, som hogst og vegar som endrar dreneringsforholda, kan auke faren for jordskred.

Flaumskred
Flaumskred er hurtige, flaumliknande skred som opptrer langs elve- og bekkeløp, også der det vanlegvis ikkje er permanent vassføring.
Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar, større steinblokker, tre og annan vegetasjon i og langs løpet.

Leirskred
Leire består av ørsmå partiklar, mindre enn 0,002 mm, som er danna gjennom forvitring eller knuse- og slipeprosessar i naturen. Partiklane blir vaska vekk av rennande vatn for så å bli sedimenterte i roleg vatn - både i ferskvatn og saltvatn.

Naturlege leirskråningar vil i dei fleste tilfelle ha liten tryggleik mot skred. Mindre skred og utglidingar kan derfor løysast ut ved beskjedne endringar i skråningshøgd, skråningshalling eller grunnvasstand. Den vanlegaste forma for leirskred er grunne overflateglidingar. Leirskred i form av innsynking i overkant av skråning og utgliding i underkant, er også ganske vanleg. Slike skred vil normalt ikkje forplante seg bakover i vesentleg grad. Denne skredforma er typisk for skred som ikkje ligg i kvikkleireområde.

Prinsippskisse av leirskred i form av innsynking/utgliding med djup glideflate
Figur 5.1. Prinsippskisse av leirskred i form av innsynking/utgliding med djup glideflate

Skred i leirskråningar der leira ikkje er kvikk, er vanlegvis avgrensa i omfang og konsekvens, men kan vere alvorleg dersom dei kjem borti infrastruktur og bygningsmasse.

Kvikkleireskred
Kvikkleire oppstår i marint avsett leire, det vil seie leire som under og rett etter siste istid vart avsett i saltvatn og som deretter har stige over havnivå. Saltvatnet førte til at partiklane vart sedimenterte med ei porøs oppbygging, omtrent som ein korthusstruktur, der holromma (porene) vart fylte med saltvatn. Saltinnhaldet gav sterke bindingskrefter og med det ein sterk konstruksjon. Gjennom åra har ferskvatn vaska bort mykje av saltet. Når saltinnhaldet kjem under eit visst nivå blir bindingane svekte, korthusstrukturen ustabil, og det kan dannast kvikkleire.

Kvikkleire mister fastheita si og blir flytande når ho blir omrørt. Når ho får liggje uforstyrra, kan ho vere svært fast.

Kvikkleire kan opptre i større eller mindre område under den marine grense. Ved tiltak i eller på terrenget kan leira bli flytande, og skred kan forplante seg raskt, også over store avstandar. Typisk for kvikkleireskred er at eit mindre initialskred utløyser eit større skred bakover og til sidene. Etter raset vil partiklane danne ein tettare struktur som gjer leira mykje fastare. Slik leire kan aldri meir bli kvikk.

Kvikkleireskred er nærare omtalt i kapittel 6 Kvikkleire.

Snøskred
Snøskred er ei plutseleg forflytting av store mengder snø nedover ei fjellside eller ei skråning. Snøskred blir vanlegvis utløyst der terrenget har halling mellom 30° og 50°. Dei fleste snøskred oppstår på grunn av naturlege forhold, men nokre blir utløyste av menneske som beveger seg i terrenget.

Snøskred blir delte inni to hovudgrupper: laussnøskred og flakskred. Begge desse skredtypane kan delast i tørrsnøskred og våtsnøskred, basert på vassinnhaldet.

Sørpeskred
Sørpeskred er hurtige, flaumliknande skred av vassmetta snø, og har eit høgare vassinnhald enn våtsnøskred. Sørpeskred følgjer ofte senkingar i terrenget og oppstår når det er dårleg drenering i grunnen, til dømes på grunn av tele og is. Sørpeskred kan gå i ganske flatt terreng. Skredmassane har høg tettleik, og sjølv skred med lite volum kan gjere stor skade.

5.2. Tryggleik mot skred

Krava til tryggleik mot skred er gjevne i byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-3. Krava gjeld alle typar skred. Føresegnene gjeld også sekundærverknader av skred. Store fjellskred kan i tillegg til sjølve skredet av steinmassar og flodbølgjer, også medføre støvskyer, oppdemming av vassdrag, dambrot, neddemming oppstraums, nedstraums flaum, flaumskred, kvikkleireskred, vibrasjonar og ristingar med meir. Dette blir rekna som sekundærverknader.

Kvikkleireskred opptrer som ei eingongshending. Sidan tryggleiksklassane i § 7-3 byggjer på gjentaksintervall, er tryggleiksklassane ikkje direkte brukande på kvikkleireskred. For område med fare for kvikkleireskred skal det derfor fastsetjast eit tilsvarande tryggleiksnivå. Krav til tryggleik mot kvikkleireskred er omtalt nærare i kapittel 6 Kvikkleire.

Regelverk.svg Nokre bygningar skal ikkje plasserast i skredfarlege område

Nokre bygningar skal ikkje plasserast i skredfarlege område jf. TEK17 § 7-3 første ledd. Krava til tryggleik for desse bygningane er derfor strengare enn krava til tryggleik for byggverk som blir regulert av tryggingsklassane i § 7-3 andre ledd. Krava i § 7-3 første ledd gjeld bygningar som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering. Dersom konsekvensane av eit skred eller sekundærvirkningene av eit skred vil føre til at beredskapen blir svekt, skal slike bygningar ikkje plasserast i skredfarleg område. Kravet gjeld for alle typar skred, også kvikkleireskred.

Kravet til tryggleik for slike bygningar kan i særskilde tilfelle varetakast gjennom sikringstiltak. Bygningar kan derfor i enkelte tilfelle plasserast i skredfarleg område når det klart kan dokumenterast at sikringstiltak sikrar at eit eventuelt skred ikkje vil svekkje beredskapen. Viss det ikkje er mogleg med tilstrekkelege sikringstiltak, må bygningen plasserast utanfor det skredfarlege området. Formålet med føresegna er at beredskap og krisehandtering må kunne fungere ved skredulykker.

Kravet kan berre tilfredsstillast ved å plassere byggverket utanfor skredfarleg område, det vil seie at det ikkje er ei løysing å sikre byggverket mot skred. Føremålet med føresegna er at nokre spesielle byggverk må fungere ved store skredulukker, eller at eit skred kan gje livsfarleg ureining.

Forbodet i § 7-3 første ledd inneber at bygningar som speler ei rolle for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering og byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta, ikkje kan plasserast i område der det er skredfare eller fare for sekundærverknader av skred. Sjå tabell 5.2 nedanfor for døme på bygningar som er omfatta av første ledd.

Byggverk i skredfarlege område er delte opp i tre tryggleiksklassar

Det er definert tre tryggleiksklassar for skred jf. TEK17 § 7-3 andre ledd, sjå tabell 5.2 nedanfor. Tryggleiksklassane er delt inn etter sannsyn for skred og konsekvens ved skred. Føresegna skal vareta både tryggleik for menneskeliv og for materielle verdiar.

Tryggleikskrava kan oppfyllast anten ved å:

  • plassere byggverket utanfor området som har større skredfare enn TEK17 tillèt for det aktuelle byggverket, eller
  • utføre sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal slik at kravet i TEK17 blir oppfylt, eller
  • dimensjonere og konstruere byggverket slik at det toler belastningane eit skred kan medføre.

Der det er praktisk mogleg, bør ein velje å plassere byggverket utanfor det skredfarlege området.


Korleis definerer vi skredfaren?

Skredfaren blir som regel oppgjeven med årleg sannsyn for skred. Gjentaksintervall blir ofte brukt i samband med skred som gjentek seg, til dømes snøskred. Eit snøskred med gjentaksintervall 1000 år, ofte kalla 1000-årsskred, har eit årleg sannsyn på 1/1000, det vil seie 0,1 prosent. Dette utelukkar ikkje at ein kan få to 1000-årsskred med kort tids mellomrom.

Sannsynet for at eit byggverk skal rammast av skred er avhengig av sannsynet for at eit skred skal losne, sannsynleg skredløp og utløpsdistanse. Det lèt seg ikkje gjere å berekne skredsannsynet eksakt, og TEK17 oppgjev derfor krav til nominelt årleg sannsyn. Nominelt sannsyn er ein antatt verdi der det i tillegg til teoretiske berekningsmetodar blir brukt fagleg skjønn. I område som kan utsetjast for fleire typar skred, er det det samla nominelle årlege sannsynet for skred som skal leggjast til grunn.

Sannsynet oppgjev den årlege sannsynet for skredskadar av eit visst omfang, dvs. skred med intensitet som kan medføre fare for liv og helse og/eller større materielle skader. Dette inneber at ein for dei fleste skredtypar kan redusere utløpsområdet i forhold til det maksimale utløp til skred med det aktuelle sannsynet.

I fjellsider og skråningar der skred kan opptre tilfeldig langs fjellsida, må sannsynet for skred sjåast i samanheng med breidda på skredet og utstrekninga av det utsette området. Nominelt sannsyn for skred er definert som sannsyn for skred pr. einingsbreidd på 30 meter på tvers av skredretninga når tomtebreidda ikkje er fastlagt.

Kvikkleireskred opptrer som ei eingongshending. Sidan tryggleiksklassane i § 7-3 byggjer på gjentaksintervall, er tryggleiksklassane ikkje direkte brukande på kvikkleireskred. For område med fare for kvikkleireskred skal det derfor fastsetjast eit tilsvarande tryggleiksnivå, jf. § 7-3 andre ledd siste punktum. Sjå meir i kapittel 6 Kvikkleire.

Oversikt over tryggleiksklassane og retningsgjevande døme

Bygningar som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering, skal ikkje plasserast i skredfarleg område dersom konsekvensen av skred, under dette sekundærvirkninger av skred, vil føre til at beredskapen blir svekt, jf. § 7-3 første ledd.

For andre byggverk i skredfareområde skal det fastsetjast tryggleiksklasse etter § 7-3 andre ledd. Det er tre tryggleiksklassar, S1, S2 og S3 der krava til tryggleik er strengast for S3. Krava skal vareta tryggleiken både for menneskeliv og for materielle verdiar. I vurderinga av kva for tryggleiksklasse byggverket kjem i, skal det takast omsyn til konsekvensar for liv og helse, og økonomiske verdiar.

Tabellen under viser retningsgjevande døme på byggverk i dei ulike tryggleiksklassane. Det finst ei rekkje ulike tiltak som tabellen ikkje har retningsgjevande døme for. Ved plassering av tiltak i tryggleiksklasse må ein sjå til dei retningsgjevande døma. Plassering av tiltak i tryggleiksklasse må grunngjevast særskilt dersom plasseringa ikkje følgjer av dei retningsgjevande døma.

Tryggleiksklasse S1 omfattar tiltak der eit skred vil ha liten konsekvens. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt ikkje oppheld seg personar og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

For tilbygg og bruksendring følgjer det av § 7-3 femte ledd at nokre mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse S1, sjølv om bygningen som skal utvidast eller bruksendrast, er omfatta av tryggleiksklasse S2 eller S3 for skred. For at tiltaket skal kunne plasserast i S1, skal tiltaket blant anna ikkje ha liten konsekvens for persontryggleik og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining.

Slike tilbygg og bruksendringar går ikkje fram av tabellen nedanfor. § 7-3 tredje ledd omfattar ikkje tiltak som ligg innanfor område med fare for kvikkleireskred.

Tryggleiksklasse S2 omfattar tiltak der eit skred vil gje middels konsekvensar. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar og/eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

For bygningar som inngår i tryggleiksklasse S2, kan kravet til tryggleik for tilhøyrande uteareal reduserast til tryggleiksnivået som er oppgjeve for tryggleiksklasse S1 (1/100). Dette fordi eksponeringstida for personar og dermed faren for liv og helse normalt vil vere vesentleg lågare utanfor bygningane.

Tryggleiksklasse S3 omfattar tiltak der eit skred vil føre til store konsekvensar. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar og/eller der det er store økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.

For bygningar som inngår i tryggleiksklasse S3, kan det vurderast å redusere kravet til tryggleik for tilhøyrande uteareal til tryggleiksnivået som er oppgjeve for tryggleiksklasse S2 (1/1000), dersom dette vil gje tilfredsstillande tryggleik for tilhøyrande uteareal. Moment som må vurderast i denne samanhengen er blant anna eksponeringstida for personar og talet på personar som oppheld seg på utearealet.

Føresegna i § 7-3 første ledd omfattar tiltak der skred vil medføre svekt beredskap. Dette gjeld bygningar som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering. Dette kan til dømes vere regionsjukehus, regional eller nasjonal beredskapsinstitusjon og liknande. Kravet til tryggleik inneber at dersom konsekvensen av eit skred eller sekundærvirkninger av skred vil føre til at beredskapen blir svekt, skal slike bygningar ikkje plasserast i skredfarleg område.

Døme på byggverk som knytte til § 7-3 første og andre ledd.
Tryggleiksklasse for skredKonsekvensStørste nominelle årlege sannsynRetningsgjevande døme
S1liten1/100

garasje

 

uthus

 

båtnaust

 

mindre brygger

 

lagerbygning med lite personopphald

 

enkelte mindre tilbygg/påbygg

S2middels1/1000

einebostad

 

tomannsbustad

 

einebustader i kjede/rekkehus/bustadblokk/fritidsbustad med maksimum 10 bueiningar

 

arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar

 

driftsbygning i landbruket

 

parkeringshus og hamneanlegg

S3stor1/5000

einebustader i kjede/rekkehus/bustadblokk/fritidsbustad med mer enn 10 bueiningar

 

arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg mer enn 25 personar

 

skule

 

barnehage

 

sjukehjem

 

lokal beredskapsinstitusjon

§ 7-3 første leddkonsekvensen av skred vil føre til at beredskapen blir svekt 

bygningar som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regionale/nasjonale beredskapsinstitusjonar og liknande.

 

5.3. Skredundersøkingar og skredkartlegging

Der det kan vere tvil om det ligg føre fare for skred, skal fagkunnige med dokumentert kompetanse gjennomføre skredtekniske analysar og berekningar.

For å dokumentere at tryggleiksnivået i TEK17 er oppfylt, gjev skredkart verdifull informasjon. Informasjonen frå slike kart kan vurderast opp mot tryggleikskravet for aktuelle bygningar. Dersom kartlegginga viser at sannsynet for ei hending er større enn det som er gjeve i TEK17, må kommunen gje avslag på byggjesøknaden eller be om ytterlegare dokumentasjon på at tryggleiken likevel er vareteken.

Det finst tre kategoriar kart som blir brukte i samband med arealplanlegging og byggjesaksbehandling; aktsemdskart, faresonekart og faregradskart-kvikkleire. I tillegg blir det kartlagt ustabile fjellparti i Norge gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for store fjellskred.

Karta er tilgjengelege som WMS-teneste og for nedlasting, sjå detaljar i NVE sin kartkatalog. Karta er også tilgjengelege på NVE Atlas og NVE Skrednett.

Aktsemdskart for skred

Aktsemdskart er grove oversiktskart som er meinte å gje ein første indikasjon på mogleg skredfare. Karta viser potensielle losne- og utløpsområde, men seier ikkje noko om sannsynet for skred. Aktsemdskart bør brukast saman med lokalkunnskap for identifisering av fare på kommuneplannivå. Dei landsdekkjande karta er utarbeidde av Noregs Geologiske Undersøking (NGU) på oppdrag frå NVE.

Det finst i dag fire typar aktsemdskart for skred:

Aktsemdskart for steinsprang

Det landsdekkjande kartet viser område der ein må utvise aktsemd for steinsprang. Desse karta er utarbeidde av NGU i 2009. For meir informasjon og nedlasting av kartdata, sjå NVE sine nettsider.

Aktsemdskart for snøskred

Aktsemdskartet viser potensielle losne- og utløpsområde for snøskred. Kartet er utarbeidd av NGU i 2010. For meir informasjon og nedlasting, sjå NVE sine nettsider.

Aktsemdskart for jord- og flaumskred

Karta viser område med potensiell fare for jord- og flaumskred. Kartet dekkjer skredtypane jordskred og små og mellomstore flaumskred. Kartet er utarbeidd i 2014. For meir informasjon og nedlasting, sjå NVE sine nettsider.

Aktsemdskart for snø- og steinskred

For delar av landet finst det eldre aktsemdskart for stein- og snøskred frå Noregs Geotekniske Institutt (NGI) som er utarbeidde over fleire tiår. Karta er i tillegg til modellering basert på enkle feltsynfaringar i område med busetnad, der lokale terrengforhold, skogdekke og andre lokale forhold er vurderte. For område som er dekte av karta frå NGI, kan desse brukast i staden for det landsdekkjande kartet for snøskred.

5.4. Sikringstiltak

Byggverk som er regulert av tryggleikskrava i § 7-3 andre ledd, kan i enkelte tilfelle plasserast i område der sannsynet for skred er større enn minstekravet i forskrifta. Føresetnaden er at det blir gjennomført sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal til det nivået som er opplyst i forskrifta.

Sikringstiltak skal gjennomførast anten i samband med ny utbygging for å vareta krava til tryggleik i TEK17, eller for å betre tryggleiken for eldre busetnad.

Sikringstiltak kan delast i tre grupper:

  • Tiltak i utløysingsområdet: Tiltak som skal hindre at skred blir utløyst
  • Tiltak i skredløpet: Tiltak som skal leie skredet bort frå utsett område og eventuelt redusere utløpslengda til skredet
  • Tiltak i utløpsområdet: Tiltak som skal stoppe, bremse eller på annan måte hindre skred i å nå busetnad, vegar eller liknande. Sjølve bygningane kan dimensjonerast til å tole krefter frå skred dersom skredlastene ikkje er for store. Maksimal skredlast bør ikkje vere større enn anslagsvis 50 kPa - 60 kPa.

Døme på skredsikring er:

  • snøskredgjerde, fjellboltar og nett for å hindre at skred blir utløyst av leiing av overvatn eller drenering for å redusere sannsynet for lausmasse- eller fjellskred
  • fangnett, bremse-, leie- eller fangvollar som skal hindre at skredmassar når område der dei kan gjere skade
  • motfylling i skråningsfot, utslaking/avlasting eller armering for å stabilisere lausmasseskråningar

Skog kan bidra til å hindre utløysing av snøskred, stanse steinsprang og redusere jordskredfare. Bevaring av skog og riktig skogskjøtsel er viktig for skredførebygging i bratt terreng, og kan samtidig gje miljøvinst. Skredfaren må likevel vurderast utan å sjå til vegetasjon/skog.

Organisatoriske tiltak kan ikkje kompensere for manglande tryggleik

Krava til tryggleik i byggteknisk forskrift er sett til vern av liv og materielle verdiar. Byggteknisk forskrift byggjer på eit grunnleggjande prinsipp om at det er byggverket i seg sjølv som skal oppfylle krava til tryggleik. Organisatoriske tiltak vil derfor ikkje kunne kompensere for manglande tryggleik og organisatoriske tiltak kan ikkje bidra til oppfylling av krav til tryggleik etter forskrifta.

Krava til tryggleik skal oppfyllast uavhengig av organisatoriske tiltak. Ei viktig grunngjeving for dette er at organisatoriske tiltak er uføreseielege og sårbare, særleg over tid, som har innverknad både for personleg og materiell tryggleik.

At organisatoriske tiltak ikkje kan bidra til å oppfylle krava til tryggleik er eit gjennomgåande prinsipp som gjeld på alle fagområde i byggteknisk forskrift, medrekna konstruksjonstryggleik, branntryggleik og tryggleik mot naturpåkjenningar. Eksempelvis vil ikkje rutinar for moking av snø på tak kunne kompensere og grunngje ein underdimensjonert takkonstruksjon. På same måte kan ikkje rutinar og beredskap for å evakuere eit område ved varsla snøskredfare, kompensere for at tiltaket ligg i eit område der tryggleik mot snøskred ikkje er tilfredsstillande.

5.5. Unntaksføresegna i TEK17 § 7-4

TEK17 § 7-4 opnar for utbygging i enkelte fjellskredutsette område med fare for fjellskred og flodbølgje som følgje av fjellskred, sjølv om alminnelege krav til tryggleik etter TEK17 § 7-3 ikkje er oppfylte. Unntaksføresegna gjeld område der det ligg føre NVE-overvaking av fjellpartia og der det ligg føre forsvarleg beredskap for varsling og evakuering av befolkninga. Befolkninga skal vere evakuert i god tid før fjellskredet går, slik at liv ikkje går tapt.

Det blir ikkje opna for oppføring av bygningar som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering. 

Unntaksregelen i § 7-4 opnar for at det kan tillatast utbygging på visse vilkår. Vilkåra inneber mellom anna at utbygging i fareområdet må vere avklart i arealplan. Gjennom planprosessen skal fleire forhold vere greidde ut og sannsynleggjorde. Persontryggleiken skal vere vareteken ved eit forsvarleg beredsskapssystem som oppfyller ei rekkje krav. Sjå meir om vilkåra i det første leddet til føresegna bokstav a og b.

TEK17 § 7-4 andre ledd opnar for å tillate utbygging gjennom ein enklare prosedyre på visse vilkår der utbygginga er i samsvar med  arealplan og kartlegging gjennomført etter at reguleringsplan er vedteken, viser at sjansane for fjellskred eller flodbølgje som følgje av fjellskred er 1/1000 eller mindre. Prosedyren omfattar ei forenkla planendring og beredskapsplan tilpassa faresituasjonen.

TEK17 § 7-4 tredje ledd opnar for mindre tilbygging, påbygging eller underbygging av eksisterande byggverk utan krav om plan og dispensasjon, så framt utvidinga ikkje fører til auka fare for skade på liv og helse.

Etter § 7-4 fjerde ledd kan bygningar, konstruksjonar eller anlegg, under dette lekterar og flotell, som blir plasserte på eller i direkte tilknyting til byggje- eller anleggstomt der arbeid går føre seg, blir plasserte utan krav om søknad og dispensasjon. Dette føreset at persontryggleiken er vareteken ved eit forsvarleg beredskapssystem som er basert på periodisk eller sanntids overvaking, varsling og evakuering.

Unntaksføresegna i TEK17 § 7-4 legg til rette for utbygging, utvikling og å halde oppe næring og befolkning i lokalsamfunn der persontryggleik er vareteke ved overvaking og varsling. I dag er føresegna aktuell for område langs Storfjorden i Møre og Romsdal og rundt Lyngenbassenget i Troms og for visse fjellparti i Vestland fylke. Sjå meir om unntaksføresegna i rettleiinga til TEK17 § 7-4.

Regelverk ny farge Unntaksføresegna i TEK17 § 7-4

Gå tilbake til toppen