Utbygging i fareområde

Temarettleiinga er revidert. Den nyaste utgåva finn du her.

7. Radon

7.2. Tryggleik mot radon

Byggteknisk forskrift (TEK10) § 13-5 om radon stiller krav til bygningsmessig prosjektering og utføring i forhold til radonkonsentrasjon i innelufta. Det følgjer av § 13-5 fyrste ledd i TEK10 at bygning skal prosjekterast og utførast med radonførebyggjande tiltak slik at ein avgrensar innstrøyminga av radon frå grunn. Årsgjennomsnittet for radonkonsentrasjonen i inneluft skal ikkje overstige 200 Bq/m3.

Forskrifta set som minstekrav at bygningar som er berekna for varig opphald, både skal ha radonsperre mot grunnen og at det skal vere tilrettelagt for eigna tiltak i byggjegrunnen som kan aktiverast når radonkonsentrasjonen i inneluft overstig 100 Bq/m3. Desse minstekrava gjeld ikkje dersom det kan dokumenterast at dette er unødvendig for å tilfredsstille § 13-5 fyrste ledd.

Forhøgja radonfare som følgje av forhold i byggjegrunn vil normalt ikkje gjere eit område ubrukeleg. Det er mogleg å prosjektere eit byggverk med tilstrekkeleg tryggleik mot høge konsentrasjonar av radon i innelufta.

Tilkøyrde massar, som til dømes pukk, kan føre til radonproblem i bygningar som elles er bygd på problemfri grunn. Derfor bør ein etterspørje dokumentasjon på radium- /urankonsentrasjonar i tilkøyrde massar. Konsentrasjon av radium (Ra-226) i massane bør vere så låg som råd, og lågare enn 150 Bq/kg (becquerel per kilogram). For pukk tilsvarer dette 12 ppm uran (parts per million). Dersom ein legg massane over radonsperra bygningen har, er det særleg viktig at radium- og urankonsentrasjonen er låg. Radonkonsentrasjonen skal gå fram av produktdokumentasjonen for pukk og byggjemateriale. Grenseverdien for strålevernet er tilrådd å vere så låg som råd og under 150 Bq/m³.

Meir informasjon knytt til radon frå tilkøyrde massar kan du finne i StrålevernInfo frå Statens Strålevern om tilrådd grenseverdi for radon frå tilkjøurde massar under bygg.

Vi viser elles til tilvising 520.706 Sikring mot radon ved nybygging og 701.706 Tiltak mot radon i eksisterende bygninger frå SINTEF Byggforsk.