Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

8. Tiltak på eksisterande byggverk

Dette kapittelet omtaler kva krav til tryggleik mot naturpåkjenningar som gjeld for eksisterande byggverk som ligg innanfor eit fareområde. Desse krava gjeld for tiltak og arbeid som er omfatta av verkeområdet for plan- og bygningslova, som eksempelvis bruksendring, driftsendring, hovudombygging, tilbygg, påbygg, oppføring av garasje mv. Krava gjeld uavhengig av om arbeidet er omfatta av søknadsplikt eller ikkje. Alminneleg vedlikehald er ikkje omfatta av plan- og bygningslova, og kan gjerast uavhengig av krava til tryggleik mot naturpåkjenningar.

8.1. Krava til tryggleik er dei same som for nybygg

Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar ved utviding og ved endring av eksisterande byggverk, er dei same som for nybygg. Tilsvarande gjeld for drifts- og bruksendring. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld også for endring og oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom, nytt jordsameige og oppretting av ny festegrunn.

Det vil seie at arbeid på eit eksisterande bygg ikkje kan gjennomførast der flaum og skred med meir kan skje oftare enn det TEK17 aksepterer for nybygg. Ny viten og nye kartleggingar har medført at vi i dag har større kunnskap om fareområde. Vidare er krava til tryggleik mot naturpåkjenningar relativt nye i forhold til mykje av den eksisterande bygningsmassen vi har i Noreg. Mange eldre bygg er derfor lovleg plasserte i område der dei i dag ikkje ville bli tillatne sette opp.

I praksis kan dette innebere at bygg som alt ligg i eit fareområde ikkje kan bli utvida eller bygde om fordi dagens krav til tryggleik mot flaum og skred med vidare, ikkje er oppfylte. Dersom det skal utførast arbeid som ikkje er i tråd med dagens krav, vil det krevje dispensasjon etter pbl. kapittel 19, eller eige løyve til å fråvike TEK17 etter pbl. § 31-4 om tiltak på eksisterande byggverk.

Også ved gjenoppbygging etter brann eller annan skade gjeld same krav til tryggleik som for nybygg.

Alminneleg vedlikehald kan ein likevel gjere uavhengig av krav til tryggleik mot naturpåkjenningar. Alminneleg vedlikehald er ikkje omfatta av plan- og bygningslova.

Eit viktig føremål med regelverket er å forhindre farlege situasjonar i samanheng med byggjetiltak i fareområde. Omsynet til persontryggleiken er et overordna prinsipp i regelverket. Balansegangen mellom omsynet til persontryggleiken og utsiktene for lokalsamfunnet til naturleg samfunnsutvikling kan vere svært vanskeleg. Når eit område er kartlagt som eit fareområde, vil det oppstå situasjonar der regelverket gjer det vanskeleg eller umogleg, å tillate enkelte byggjetiltak fordi det ikkje ligg føre tilfredsstillande persontryggleik. Dette kan lett oppfattast som urimeleg for dei som alt bur i området.

8.2. Er det mogleg å gjere arbeid sjølv om bygningen ligg i eit fareområde?

Dersom eit bygg ligg i eit fareområde der nominelt årleg sannsyn for skred er større enn det som gjeld for tryggleiksklassen bygget er omfatta av, vil det krevje dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19, eller eige løyve etter pbl § 31-4 for å gjere arbeid på bygget. Tilsvarande gjeld dersom andre krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ikkje er oppfylte.

Pbl. § 31-4 omhandlar tiltak på eksisterande byggverk. Føresegna opnar for at kommunen heilt eller delvis kan gje unntak frå tekniske krav dersom det blir vurdert som forsvarleg ut frå omsynet til tryggleik, helse og miljø. Ved vurderinga skal kommunen leggje vekt på følgjande:

  1. alderen på byggverket, formell vernestatus, type, formål, plassering, varigheita av tiltaket og noverande tekniske tilstand,
  2. forhold som kan redusere negative konsekvensar ved at det blir gitt unntak,
  3. fordelar som blir oppnådde med tiltaket.

Kommunen kan stille vilkår som kan redusere ulemper eller skadeverknader av løyvet innanfor ramma av dei omsyna lova skal vareta.

Mindre tilbygg og bruksendring

For visse mindre arbeid på eksisterande tiltak er det gjeve eigne føresegner som plasserer desse arbeida i lågaste tryggleiksklasse, sjølv om arbeid på eksisterande byggverk normalt blir plassert i same tryggleiksklasse som det opphavlege bygget. Enkelte mindre tiltak på eksisterande byggverk er derfor omfatta av tryggleiksklasse F1 for flaum og S1 for skred, sjølv om bygningen som skal utvidast eller bruksendrast, er omfatta av tryggleiksklasse F2 eller F3 for flaum, alternativt S2 eller S3 for skred. Unntaksføresegna omfattar ikkje tiltak som ligg innanfor område med fare for kvikkleireskred.

Unntaksføresegnene i TEK17 § 7-2 femte ledd og 7-3 tredje ledd opnar for at det kan gjennomførast eitt tilbygg eller eitt påbygg inntil 50 m2 BRA i levetida bygget har. I tillegg omfattar § 7-3 tredje ledd òg underbygging inntil 50 m2 BRA. Det blir òg opna for bruksendring og ombygging inntil 50 m2 BRA.

Tiltaket må ikkje føre til redusert persontryggleik, og unntaka omfattar ikkje etablering av ny brukseining.

Gå tilbake til toppen