Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

9. Dokumentasjon av tryggleik mot naturpåkjenningar

Dokumentasjonen i byggjesøknaden skal vise at tiltaket oppfyller krava i plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og krav til tryggleik i byggteknisk forskrift (TEK17), der det er aktuelt. Byggjesøknaden skal leggjast ved dokumentasjon frå fagkunnig når det blir søkt om byggjeløyve i område med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt blant anna i område som er merkte av som omsynssoner i plan, område merkte av på aktsemdskart, område der det er kjent fare eller område som har ein topografi som tilseier risiko og i område som er omfatta av planføresegner om utgreiing.

ikon_Peker.svg Dette kan du lese om i kapittelet

I dette kapittelet gjer vi greie for

  • Plikta til å utgreie tryggleiken byggjetomta har mot naturpåkjenningar
  • Dokumentasjonsplikta ved byggjesøknad
  • Krav til innhaldet i dokumentasjonen

I tillegg får du litt rettleiing om dokumentasjon for drift og vedlikehald av eventuelle sikringstiltak.

9.1. Dokumentasjon av tryggleik mot naturpåkjenningar

Opplysning om eventuelle farar skal komme fram av søknaden. I byggjesøknaden skal det stadfestast at tiltaket oppfyller krava til tryggleik mot naturpåkjenningar. Sjå SAK10 § 5-4 tredje ledd bokstav g. Der søknaden er delt, skal opplysningane gjevast ved søknad om rammeløyve.

Det ligg føre ei dokumentasjonsplikt ved utbygging i fareområde. Dokumentasjonen skal stadfeste at det er tilstrekkeleg sikkert å tillate bygging og at krava til tryggleik mot naturfarane er oppfylte.

Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar, ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med saksbehandlinga. Kommunen skal i saksbehandlinga normalt leggje til grunn tiltakshavar eller det ansvarlege føretaket sine opplysningar om at tiltaket oppfyller tekniske krav, dersom ikkje forholda tilseier noko anna, jf. pbl. § 21-4.

Det skal liggje ei kvalifisert vurdering til grunn for opplysningane som blir gjevne i søknaden. Der tryggleiken i utgangspunktet ikkje er tilfredsstillande eller der det ligg føre uvisse om byggjetomta ligg i eit fareområde, skal dokumentasjonen frå fagkunnig sendast inn som ein del av byggjesøknaden. Dersom byggjetomta i utgangspunktet ikkje har tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar, skal kompenserande tiltak skildrast i søknaden.

Kommunen er ikkje forventa å hente inn fagkunnige uttalar for å ta standpunkt til eventuelle sikringstiltak eller faglege avvegingar i dokumentasjonen i byggjesaksbehandlinga. Kommunen skal sjå til at utgreiingane og eventuelle sikringstiltak er tilfredsstillande dokumenterte av fagkunnige. Ansvar for konkrete løysingar og sikringstiltak ligg til dei ansvarlege føretaka.

Når det gjeld geoteknikk, er det krav om uavhengig kontroll av prosjektering og utføring for oppgåver i tiltaksklasse 2 og 3, jf. SAK10 § 14-2 andre ledd. Det vil derfor vere krav om uavhengig kontroll i fareområde.

Ved tilsyn kan kommunen gå nærare inn i dokumentasjonen og eventuelt overprøve vurderingane. Uansett om kommunen planlegg å føre tilsyn i desse sakene, bør det i fareområde vurderast å krevje ytterlegare uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-3 av prosjekteringa i samsvar med pbl. § 28-1.

Radon skil seg ut frå dei andre naturfarane. Radon skal alltid varetakast i prosjektering og utføring for alle bygningar, uavhengig av om utbygginga skjer i eit område med særskilt radonfare. Krav til tryggleik mot radon følgjer av TEK17 § 13-5, og bygningar med rom for varig opphald skal ha radonsperre mot grunnen, og vere tilrettelagt for trykkreduserande tiltak i grunnen under bygningen som kan aktiverast når radonkonsentrasjonen i innelufta overstig 100 Bq/m3. Dokumentasjon for radon blir ikkje sendt inn som ein del av søknaden, men skal vere tilgjengeleg ved tilsyn.

9.2. Krav til dokumentasjonen

Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig. Dokumentasjon kan til dømes vere ein rapport eller uttale frå rådgjevande ingeniør eller arkitekt, eller frå spesialistar på dei ulike faretypane så som NVE, NGI, NGU eller andre relevante fagmiljø.

Fagkunnige

Plan- og bygningslovgivinga stiller ikkje konkrete kvalifikasjonskrav til den fagkunnige, anna enn der det er krav om ansvarsrett for prosjektering. NVE sine rettleiarar gjev tilrådingar om kva for kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre forsvarlege faglege vurderingar i ulike tilfelle.

NVE sin rettleiar Tryggleik mot skred i bratt terreng gjer tilrådingar om kva for kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre ein forsvarleg skredutgreiing. For å gjennomføre ei forsvarleg skredfareutgreiing, er det nødvendig med både relevant utdanning og erfaring. Fleire utdanningar vil kunne vere relevante, eksempelvis ingeniørgeologi, naturgeografi, geologi, geoteknikk, hydrologi og meteorologi.

Når det gjeld utgreiing av tryggleik mot kvikkleire, gjev NVE sin kvikkleirerettleiar tilrådingar om kva slags kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre forsvarlege vurderingar i ulike tilfelle. I enkelte tilfelle kan tilstrekkelege avklaringar gjerast ved vurderingar som ikkje krev spesiell fagkompetanse. For å gjere fullstendige utgreiingar av faresoner for kvikkleireskred, tilrår NVEs rettleier at det er nødvendig med formell geoteknisk kompetanse og erfaring.

Ved flaumsonekartlegging må fagkunnig ha kompetanse innanfor hydraulikk og hydrologi for å kunne gjennomføre forsvarlege faglege vurderingar. Sjå NVE rettleiar 3/2015 Flaumfare langs bekker.

Dokumentasjon

Regelverket inneheld ingen eksplisitte formkrav til dokumentasjonen som skal leggjast ved søknaden for å dokumentere at byggjetomta har tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar. Oppbygging av og omfang på dokumentasjonen vil variere, blant anna etter kompleksiteten i tiltaket og den enkelte faretypen. NVE sine rettleiarar gjev tilrådingar om kva ei forsvarleg fagleg utgreiing må innehalde og korleis dette skal dokumenterast.

Når det gjeld dokumentasjon for tryggleik mot kvikkleireskred, viser vi til NVE sin kvikkleirerettleiar. Rettleiiaren gjev tilrådingar om kva for dokumentasjon som er nødvendig for å stadfeste tilstrekkeleg tryggleik i ulike tilfelle. Sjå også denne rettleiaren punkt 6.4.

Der det er behov for prosjektering av kompenserande tiltak for at krav til tryggleik skal vere oppfylt, er det krav om bruk av ansvarleg føretak for prosjekteringa. Ansvarleg prosjekterande må verifisere og dokumentere oppfylling av krav til tryggleik etter TEK17 kap. 7 og at løysingane som er vald, er i tråd med byggteknisk forskrift. Krav til innhaldet i slik dokumentasjon følgjer av TEK17 kapittel 2 Dokumentasjon for oppfyllelse av krav.

Dokumentasjonen av tryggleik mot naturpåkjenningar skal leggjast ved søknad om rammeløyve. Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen frå fagkunnig følgjer byggjesøknaden. Føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ansvarsrett. Ansvarleg søkjar skal stadfeste i søknaden at tiltaket ikkje skal plasserast i eit fareområde og vedleggje dokumentasjonen frå fagkunnig.

Der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for og vere del av prosjekteringa. I desse tilfella skal kartlegginga og prosjekteringa beleggjast med ansvar.

Kvalifikasjonskrav til ansvarlege føretak

Byggjesaksforskrifta SAK10 stiller kvalifikasjonskrav til føretak som skal ta på seg ansvarsrett. Både dokumentasjonen for tilstrekkeleg tryggleik og erklæring om ansvarsrett må leggjast ved rammesøknaden. Der prosjektering av geoteknikk ligg i tiltaksklasse 2 og 3, er det i tillegg krav om obligatorisk uavhengig kontroll av både prosjektering og utføring, jf. SAK10 § 14-2.

ikon_Proff.svg Krav til dokumentasjon i byggjesøknaden for tryggleik mot naturpåkjenningar

Kva skal leggjast ved byggjesøknaden?

Der utgreiinga viser at byggjetomta i seg sjølv er tilstrekkeleg sikker

  • dokumentasjon frå fagkunnig

Der det er behov for sikringstiltak for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik

  • dokumentasjon frå ansvarleg føretak
  • erklæring om ansvarsrett

9.3. Dokumentasjon for drift og vedlikehald av sikringstiltak

Dei fleste typar sikringstiltak treng vedlikehald for at dei skal vareta tryggleiken på lang sikt. Dette ansvaret kviler på eigar. Dersom eit byggverk og eit sikringstiltak skal fungere i heile levetida si, må dei som skal forvalte, drifte og vedlikehalde det ha kunnskap om eigenskapane ved byggverket.

Ved ferdigattest skal det liggje føre tilstrekkeleg dokumentasjon for eigenskapane ved byggverket og byggjevarene som grunnlag for forvaltning, drift og vedlikehald av bygget, FDV-dokumentasjon. Føresegn om dette er gjeve i TEK17 § 4-1 om dokumentasjon for driftsfasen. FDV-dokumentasjonen vil også gjelde for etablerte sikringstiltak knytte til byggverket, som til dømes eventuelle flaum- eller skredsikringstiltak.

Ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande foretak har plikt til å utarbeide eller skaffe nødvendig dokumentasjon for driftsfasen innanfor ansvarsområda sine. Søkjar skal samle dokumentasjonen og overlevere denne til eigaren av byggverket mot kvittering seinast ved søknad om ferdigattest. Dette følgjer av SAK10 §§ 8-2, 12-2, 12-3 og 12-4. Ligg ikkje dette føre, er det grunnlag for avslag på søknad om ferdigattest.

Plan- og bygningslovgjevinga omfattar i hovudsak arealbruk og utbygging. Regelverket stiller først og fremst tekniske krav ved nybygging. Byggjesaka blir avslutta med ferdigattest. Driftsfasen er regulert av ulike regelverk og i mindre grad direkte av plan- og bygningslovgjevinga.

Det følgjer likevel klart av pbl. § 29-5 at alle tiltak skal prosjekterast og utførast slik at det ferdige tiltaket oppfyller krav til tryggleik, helse, miljø, energi og berekraft, og slik at vern av liv og materielle verdiar blir vareteke. For å sikre at alle tiltak får ei forsvarleg og tilsikta levetid, skal det ved prosjektering og utføring bli særleg teke omsyn til geografiske skilnader og klimatiske forhold på staden. Tilrettelegging for drift og vedlikehald er nødvendig for å sikre at byggverket får forsvarleg og tilsikta levetid.

Plan og bygningslova § 28-1 krev at det er etablert tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- og miljøforhold før grunn kan byggjast på, eller eigedom opprettast eller endrast. Dersom eit sikringstiltak krev vedlikehald for at tryggleiksnivået skal haldast oppe, må ei løysing som sikrar framtidig vedlikehald vere på plass før byggjeløyve kan gjevast.

Dei fleste typar sikringstiltak treng tilsyn og vedlikehald etter byggjefasen for at dei skal vareta tryggleiken på lang sikt. Det er eigar sitt ansvar. Etter at eit bygg har skifta eigarar nokre gonger, er likevel eigarane ofte ikkje klar over ansvaret, og dei kostnadene dette kan medføre. Særleg problematisk kan dette vere for sikringstiltak som ligg langt utanfor den eller dei aktuelle eigedomane, og gjerne på annan manns eigedom.

Når sikringstiltak er ein føresetnad for å gje byggjeløyve på den aktuelle staden, bør det vurderast å gje vilkår som varetek denne føresetnaden slik at han fungerer uavhengig av eigarskifte. Éi løysing kan vere tinglyste hefte på dei gjeldande eigedomane.

Gå tilbake til toppen