Regelverket om kontroll
I plan- og bygningslova blir omgrepet «kontroll» brukt synonymt med «uavhengig kontroll» og skildrar kva som skal kontrollerast og korleis kontrollen skal gjennomførast.
I alle søknadspliktige tiltak skal alle dei viktige og kritiske kontrollområda vere definerte, og gjennom uavhengig kontroll med desse områda skal feil og manglar reduserast.
Reglane om uavhengig kontroll er fastsette i plan- og bygningsloven (kap.24) og byggesaksforskriften (SAK10 kap.14).
Kapittel 14 i byggesaksforskrifta handlar hovudsakleg om krav om sjølvstende for kontrollerande føretak, obligatoriske krav om uavhengig kontroll, krav om uavhengig kontroll etter kommunen si vurdering samt gjennomføring av kontroll og sluttkontroll. Vidare har kap. 10–13 i byggesaksforskrifta vedtak med følgjer for kontroll.