Uavhengig kontroll: Oppgåvene til kommunen

Reglane om obligatorisk uavhengig kontroll inneber fleire oppgåver for kommunane som lokal bygningsmyndigheit.

Sist endret 18.12.2012
Foto: Colourbox

Kommunen skal blant anna sørgje for at byggesaka er belagd med tilstrekkeleg ansvar, irekna nødvendige kontrollføretak.

I tillegg skal kommunen vurdere om det er grunnlag for å utferde mellombels bruksløyve eller ferdigattest der kontrollføretaket rapporterer om opne avvik. I nokre tilfelle må kommunen også vurdere sjølvstende og unntak frå kontroll.

Når er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll?

Krava om obligatorisk uavhengig kontroll gjeld for søknader som kjem inn til kommunen frå og med 1. januar 2013. Det er mottakstidspunktet for eitt-trinnssøknad og rammesøknad, komplett og klar til behandling, som er avgjerande. Dersom rammesøknaden er tatt imot før 1. januar 2013, og igangsetjingssøknaden er tatt imot etter nyttår, er det ikkje krav om obligatorisk kontroll.

Kriteria for i kva tilfelle ein skal gjennomføre obligatorisk kontroll, er fastlagde i byggesaksforskrifta (SAK10) § 14-2.

Det finst krav om kontroll av:

  • fuktsikring av søknadspliktige våtrom i bustader
  • lufttettleik i nye bustader

Kravet gjeld også for fritidsbustader med meir enn éi bueining.

For følgjande fagområde i tiltaksklasse 2 og 3 er det krav om uavhengig kontroll:

  • bygningsfysikk
  • konstruksjonssikkerheit
  • geoteknikk
  • brannsikkerheit

Val av tiltaksklasse

For kontrollområde som omfattar både prosjektering og utføring, vil tiltaksklasse for prosjektering avgjere om området skal bli underlagt kontroll etter SAK10 § 14-2. Tiltaksklasse for prosjektering avgjer også tiltaksklasseplasseringa for kontrollområdet.

Er prosjekteringa i tiltaksklasse 2 og utføringa i tiltaksklasse 1, ligg kontrollområdet i tiltaksklasse 2.

Kommunen skal leggje den ansvarlege søkjaren sitt forslag om tiltaksklasse til grunn, men kan overprøve forslaget. Kriterium for tiltaksklasseplassering og retningsgivande eksempel finst i rettleiing til SAK10 §§ 9-3 og 9-4.

Dersom kommunen fastset ein annan tiltaksklasse enn søkjaren sitt forslag, er dette eit einskildvedtak. Det er mogleg å klage på dette einskildvedtaket.

Kontrollpraksis

For å tilfredsstille krav til kontrollpraksis må føretak ha erfaring med kontroll av andre sitt arbeid, slik som byggeleiar, prosjekteringsleiar, ekstern kvalitetsleiar, takstmann og liknande.

Føresetnaden er at føretaket har kvalifikasjonar som omfattar ei eller anna form for ekstern kontroll og kvalifikasjonar innanfor fagområdet dei skal kontrollere.

Kommunen si vurdering av sjølvstende

Kontrolløren skal vere uavhengig av føretaket som utfører arbeidet som blir kontrollert. Det vil seie at:

  • kontrollføretaket må vere ei anna juridisk eining enn føretaket som skal kontrollerast – i praksis inneber det at føretaka må ha ulike organisasjonsnummer
  • det ikkje skal vere noka personleg eller økonomisk tilknyting mellom føretaka som kan påverke kontrollen
  • det aktuelle føretaket skal stadfeste sjølvstende ved å krysse av i ansvarsrettssøknaden, medan ein ved tvil skal skildre tilknytinga. Kommunen skal leggje til grunn opplysningane i søknaden og treng ikkje utføre nærare vurdering av sjølvstendet

Dersom føretaket opplyser om at dei er i tvil om sjølvstendet sitt, må kommunen vurdere om det er nødvendig å avslå søknaden.

Kven skal bestille kontrollen?

Tiltakshavar er ansvarleg for å bestille kontrollføretak til å gjennomføre den obligatoriske kontrollen.

Tiltakshavaren må sørgje for kontroll i samsvar med plan- og bygningslova, men kan bestille ein meir omfattande kontroll og kontroll på andre område enn det forskrifta krev.

Kva skjer dersom kontrollen avdekkjer feil eller manglar?

Feil som blir oppdaga under kontrollen, skal meldast til dei ansvarlege føretaka som har prosjektert eller utført arbeidet. Prosjekterande eller utførande føretak har ansvar for å utbetre feilen.
Dersom den avtalte fristen for lukking av avvik ikkje blir overhalden, skal kontrollføretaket varsle ansvarleg søkjar. Dersom avviket framleis ikkje blir lukka, skal kontrollføretaket melde frå til kommunen om det opne avviket. Ved opne avvik kan ansvarleg kontrollør gi ei kontrollerklæring, under føresetnad av at prosessen er følgd og kommunen er orientert om avviket.

Opne avvik

Kommunen vil kunne ta imot sluttrapport for eit tiltak med «eit ope avvik». Dette kan gjelde usemje mellom kontrollføretaket og det kontrollerande føretaket om tekniske løysingar eller tolkingar av regelverket. Kommunen kan krevje ny kontroll. Kommunen bør likevel overlate til aktørane å avgjere val av løysingar.

Dersom kommunen får melding om avvik, er alternativa:

  • å vente – det finst ingen frist for kommunal behandling av avviksmelding
  • å opprette tilsynssak, irekna å krevje ytterlegare dokumentasjon
  • gi pålegg om retting og varsel om tvangsmulkt
  • avslå mellombels bruksløyve/ferdigattest fordi det finst eit ope avvik og dermed brot på regelverket
  • utferde mellombels bruksløyve/ferdigattest dersom kommunen finn samsvar med regelverket eller at brotet er bagatellmessig

Pålegg om uavhengig kontroll

Etter ei konkret vurdering kan kommunen framleis krevje gjennomføring av ein uavhengig kontroll for forhold som ikkje fell inn under dei nye reglane om uavhengig kontroll. For å sikre kvalitet i det ferdige bygget kan kommunen påleggje kontroll på grunnlag av planvedtak, førehandskonferanse, søknadsbehandling eller ved tilsyn for spesielle forhold (jf. SAK10 § 14-3).

Tidspunkt for kontrolldokumentasjon

Kontrollerklæring for brannsikkerheit må liggje føre før første relevante igangsetjingsløyve.

Kontrollerklæring for bygningsfysikk, konstruksjonssikkerheit og geoteknikk treng ikkje å liggje føre før seinast ved oppmoding om ferdigattest, eventuelt ved søknad om mellombels bruksløyve.

Kommunen kan gjere unntak frå kravet om kontroll

Kommunen kan gjere unntak frå heile eller delar av kontrollen når kontrollen blir rekna som unødvendig for å sikre at tiltaket er i samsvar med regelverket, jf. SAK10 § 14-5.