Klagenemnda for sentral godkjenning

Klagenemnda for sentral godkjenning er klageinstans for enkeltvedtak om sentral godkjenning.

Sist endret 17.04.2024

Vedtak om sentral godkjenning kan klagast på av partar og andre med rettsleg klageinteresse. Dette kan vere vedtak om godkjenning, fornying, avslag på søknad om eller tilbaketrekking av sentral godkjenning.  Klagenemnda er oppnemnd og behandlar saker med heimel i byggesaksforskriftens § 13-10.

Direktoratet for byggkvalitet er sekretariat for klagenemnda og førebur klagesaker. Om direktoratet finn grunnlag for å ta klagen til følgje, kan direktoratet sjølv fatte eit omgjøringsvedtak. Dersom direktoratet ikkje finn å kunne ta klagen til følgje og endre vedtaket, vil saken bli sendt Klagenemnda for sentral godkjenning for endeleg avgjerd. Føretaket vil få kopi av saksframlegget i forkant av møtet.

Ein kan ikkje klage på avgjerslene til klagenemnda, men ein kan forfølgje dei rettsleg ved domstolane og leggje dei fram for Sivilombudet.

Referat frå Klagenemndas møter med vedtak

Merk at klager direktoratet tar til følgje, ikkje blir sendt til klagenemnda. Dei går derfor ikkje frem av referata.

Medlemmene i nemnda

Klagenemnda består av sju medlemmer og varamedlemmer som blir nemnde opp av Kommunal- og moderniseringsdepartementet etter forslag frå aktuelle bransje- og brukarinteresser. Funksjonstida for medlemmer og varamedlemmer er tre år.

Frå 1.1.2023 til 31.12.2025 består klagenemnda av følgjande medlemmer/varamedlemmer: 

MEDLEMMER I KLAGENEMNDA

Leder:

 

Silje Alund Lødemel

Statens Vegvesen

Nestleder:

 

Per Christian Nordal

Huseiernes landsforbund

Representerer a) søkjarar og prosjekterande og b) kontrollerande:

Medlem:

 

Lene Vedal Moore

Boligpartner AS

Vara:

 

Tor-Christian Møglebust

Dark Arkitekter AS

Medlem:

 

Olav Haugerud

Ingeniør Olav Haugerud

Vara:

 

Tuan Phan

Multiconsult AS

Representerer arbeidsgivarsida hos utførande i bygg og anlegg:

Medlem:

 

Endre Straume Mårstig

Eget foretak

Vara:

 

Rune Alnes Dyb

Bygg 3 AS

Representerer arbeidstakarsida hos utførande i bygg og anlegg:

Medlem:

 

Joakim Damian Gebhardt

Fellesforbundet (LO)

Vara:

 

Hege Espe

Fellesforbundet (LO)

Representerer brukarinteresser hos tiltakshavar:

Medlem:

 

Cecilie Kaastrup Torbjørnsen

Huseiernes landsforbund

Vara:

 

Torkild Fossland Lenes

OBOS

Representerer brukarinteresser i det offentlege:

Medlem:

 

Kathrine Julin Pettersen

Statsbygg

Vara:

 

Venke Moe

Kristiansand kommune

Kontakt klagenemnda

Førespurnader til klagenemnda rettast til Direktoratet for byggkvalitet.

Vil du klage?

Du kan klage på eit vedtak som er gjort i saka di.

Du kan sende inn klage på eit vedtak via brukerportalen