Vedtak om sentral godkjenning kan klagast på av partar og andre med rettsleg klageinteresse. Dette kan vere vedtak om godkjenning, fornying, avslag på søknad om eller tilbaketrekking av sentral godkjenning. Klagenemnda er oppnemnd og behandlar saker med heimel i byggesaksforskriftens § 13-10.
Direktoratet for byggkvalitet er sekretariat for klagenemnda og førebur klagesaker. Om direktoratet finn grunnlag for å ta klagen til følgje, kan direktoratet sjølv fatte eit omgjøringsvedtak. Dersom direktoratet ikkje finn å kunne ta klagen til følgje og endre vedtaket, vil saken bli sendt Klagenemnda for sentral godkjenning for endeleg avgjerd. Føretaket vil få kopi av saksframlegget i forkant av møtet.
Ein kan ikkje klage på avgjerslene til klagenemnda, men ein kan forfølgje dei rettsleg ved domstolane og leggje dei fram for Sivilombudsmannen.
Medlemmene i nemnda
Klagenemnda består av sju medlemmer og varamedlemmer som blir nemnde opp av Kommunal- og moderniseringsdepartementet etter forslag frå aktuelle bransje- og brukarinteresser. Funksjonstida for medlemmer og varamedlemmer er tre år.
Frå 1.1.2020 til 31.12.2022 består klagenemnda av følgjande medlemmer/varamedlemmer:
MEDLEMMER I KLAGENEMNDA |
Leder:
|
Anette Søby Bakker
Arkitektbedriftene i Norge AS
|
Nestleder:
|
Silje Lindvig
Maskinentreprenørenes Forbund (MEF)
|
Representerer a) søkjarar og prosjekterande og b) kontrollerande: |
Medlem:
|
Hossam Gadalla
Nordic - Office of Architecture AS
|
Vara:
|
Roger Snustad
Norconsult AS
|
Medlem:
|
Olav Haugerud
Protan AS
|
Vara:
|
Jan Vidar Monsen
Arkitektene VIS-Á-VIS AS
|
Representerer arbeidsgivarsida hos utførande i bygg og anlegg: |
Medlem:
|
Endre Straume Mårstig
Eget foretak
|
Vara:
|
Kjersti Strand Gladsø
SG-Entreprenør AS
|
Representerer arbeidstakarsida hos utførande i bygg og anlegg: |
Medlem:
|
Jan Ørnevik
Fellesforbundet (LO)
|
Vara:
|
Per Skau
Fellesforbundet (LO)
|
Representerer brukarinteresser hos tiltakshavar: |
Medlem:
|
Cecilie Kaastrup Torbjørnsen
Huseiernes landsforbund
|
Vara:
|
Ove Ågedal
Entra ASA
|
Representerer brukarinteresser i det offentlege: |
Medlem:
|
Kathrine Julin Pettersen
Statsbygg
|
Vara:
|
Venke Moe
Kristiansand kommune
|
Kontakt klagenemnda
Førespurnader til klagenemnda rettast til Direktoratet for byggkvalitet.