Automatisering og sjølvbetening i byggjesaksprosessen
I løpet av 2018 har seks ulike FoU-prosjekt sett på kva utfordringar og vinstar ny teknologi kan ha på plan- og byggjesaksområdet. Prosjektet er sett i gang som ein del av GeoLett-satsinga til Direktoratet for byggkvalitet.
Prosjekta er gjennomførte av leverandørane Ambita, Documaster AS, Geodata, Geomatikk, Norconsult og Norkart. Leverandørane har mellom anna testa korleis teknologiar som kunstig intelligens og maskinlæring kan brukast til maskinell tolking av planvilkår, kvalitetsheving av plan- og matrikkeldata og uthenting av ulike dokumenttypar frå historiske byggjesaksarkiv.
FoU-prosjekta har allereie lagt grunnlaget og ført til oppstart av fleire pilotprosjekt i regi av GeoLett. Mellom pilotprosjekta er søk i byggjesaksarkiv og bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM).