Korleis kan vi heve kvaliteten på kartgrunnlag og temadata gjennom tilbakemeldingar frå brukarane?

Eit viktig tiltak for å heve kvaliteten på kartgrunnlag og data som blir brukte i byggjesaksprosessen, er at feil og manglar blir rapporterte inn frå brukarane av datagrunnlaget.

Sist endret 24.06.2019

Feil og manglar kan dreie seg om informasjon om til dømes kulturminne, miljødata, kvikkleire eller flaum. For den einskilde som må forhalde seg til denne informasjonen i ei byggjesak, er det stor eigeninteresse for å melde inn feil og manglar, viser rapporten Crowdsourcing og kvalitetsheving. Rapporten er utarbeidd av Mindshift på oppdrag frå GeoLett-prosjektet i regi av Direktoratet for byggkvalitet.

Rapporten kartlegg og analyserer kva som motiverer brukarar til å melde tilbake feil og manglar. Rapporten peikar også på korleis offentlege styresmakter må leggje til rette for at tilbakemeldingar skal kunne takast imot og bli følgde opp slik at eit tilbakemeldingssystem skal fungere.

Funna i rapporten skildrar ålmenne utfordringar, og gjev grunnlag for vidare arbeid med å heve kvaliteten på kartgrunnlag og temadata i byggjesaksprosessen.