Slik kan det bli!

Sjå fem historier om korleis byggjesøknadsprosessen kan bli enklare for alle når temadata er gjort tilgjengelege.

Sist endret 20.05.2020

Det finst i alt 15 sektorstyresmakter som kan ha innseiingar mot ein byggjesøknad. Ofte veit ikkje søkjarane om desse tilhøva på førehand, og det er utfordrande for dei å forstå kva dei betyr for søknaden. Dei dukkar gjerne opp seint i prosessen, etter at søkjaren har investert mykje i prosjektet, både emosjonelt, i tid brukt til planlegging og kanskje også kostnader, til dømes til arkitekthjelp.

Meininga med demonstratorane er å vise korleis tilgjengeleggjering av temadata kan forenkle byggjesøknadsprosessen for alle involverte partar. Dei viser eit tenkt framtidig scenario, med fokus på opplevinga søkjaren har av prosessen.

Slik ser du historiene

For å vise historiene, klikk på lenkja, ta opp presentasjonen i presentasjonsvising (vel Lysbileteframvising/Presentasjonsvising). Då vil du få sjå «manus» i notatfeltet på skjermen på eigen laptop. Delar av presentasjonen har innebygde animasjonar. For å få flyt i historia er det gjeve opp kva tid i manuset du skal klikke deg vidare til neste bilete eller animasjon.

Demoane er eigde av Miljødirektoratet. Dei er utarbeidde i samarbeid med Direktoratet for byggkvalitet, Kartverket, GeoData AS og Mindshift AS, som ett av tiltaka under GeoLett-prosjektet.