Vi treng éin arkivstandard for metainformasjon

Ei arbeidsgruppe har kartlagt og dokumentert behovet for ein nasjonal standard for metainformasjon i byggjesaksdokument. Standarden skal gjere det enklare å finne fram til teikningar, søknader og vedtak i dei digitale byggjesaksarkiva.

Sist endret 24.06.2019

I dag gjer manglande og varierande påføring av metadata og søkjeord det tidkrevjande å finne att dokument i digitale byggjesaksarkiv. Den som skal finne fram, må leite manuelt i pdf-dokument for å finne enkeltdokument som tidlegare søknader, vedtak eller teikningar.

Gjennom GeoLett-prosjektet ønskjer samarbeidspartane Direktoratet for byggkvalitet, planavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kartverket og KS å vere pådrivar og stimulere marknaden til å utvikle og tilby produkt som gjer at arkivering og skanning i kommunale arkiv stør effektiv gjenbruk i større grad.