Val av risikoklasse for asylmottak

Å ta i bruk hotell, sjukeheimar, skular og privatbustader som asylmottak, reiser enkelte problemstillingar etter plan- og bygningslova. Blant anna kan det vere utfordrande å definere riktig risikoklasse når slike bygg blir gjorde om til asylmottak.

Sist endret 28.08.2015
Hustak i Oslo
Mange ulike typar bygg kan gjerast om til asylmottak. Det kan gjere det utfordrande å definere riktig risikoklasse.

Etter plan- og bygningslova skal alle menneske bu trygt og forsvarleg. Det er derfor viktig at også bygningar som skal brukast til asylmottak, oppfyller visse minimumskrav til kvalitet.

Dette er risikoklassar

Omgrepet risikoklassar har vore ein del av byggereglane sidan 1997. For eldre byggverk er risikoklasse berre relevant ved ombygging eller tilbygging, eller ved bruksendring som medfører at dagens forskrifter blir gjeldande.

Å ta i bruk for eksempel ein vanleg einebustad til bustad for asylsøkjarar, vil vanlegvis ikkje vere ei bruksendring etter plan- og bygningslova.

Skilnader mellom risikoklassane

Risikoklassar er skildra i § 11-2 i byggteknisk forskrift (TEK). Her går skilnadene mellom risikoklasse 4 og risikoklasse 6 fram av tabellen som viser dei ulike risikoklassane.

I risikoklasse 4 går ein ut frå at alle personar i bygget kjenner til rømmingsvegane og kan få seg sjølve i sikkerheit i ein brannsituasjon. Dette er ikkje ein føresetnad i risikoklasse 6.

Utgangspunktet i rettleiinga til TEK er at asylmottak (og transittmottak) blir plasserte i risikoklasse 6. I rettleiinga til TEK er dette utdjupa:

  • Verksemd som tradisjonelt fell i ein risikoklasse, kan unntaksvis og etter særskilt vurdering plasserast i ein lågare risikoklasse dersom det er få menneske i byggverket og byggverket er tilrettelagt for rask og enkel rømming og redning. Vurderinga må gjerast av ansvarleg prosjekterande og må vere grunngitt og dokumentert.

Byggverk som blir brukte til asylmottak, er av svært ulik storleik, utforming og tilstand. Ein må derfor uansett gjere ei konkret vurdering av brannsikkerheita i kvart enkelt byggverk.

I den grad det er relevant å fastsetje ein risikoklasse, vil det – basert på ei dokumentert vurdering – vere mogleg å plassere eit asylmottak i risikoklasse 4 i staden for risikoklasse 6.

Rundskriv om saksbehandling av asylmottak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har saman med Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet laga eit rundskriv om korleis plan- og bygningslova, helselovgivinga og brannlovgivinga skal bli forstått og praktisert når privatbustader, hotell og liknande blir brukte som asylmottak.

Rundskrivet vart sendt til alle landets kommuner og fylkesmannsembeta i juni 2015.