Byggje bustad?

Å byggje ein tilgjengeleg bustad er ei fornuftig og langsiktig investering, fordi den dekkjer dei fleste behov som menneske har i ulike livssituasjonar.

Sist endret 09.07.2012
Colourbox

Å byggje sin eigen bustad er ofte ein omfattande og energi- og tidkrevjande prosess. Ein må ta mange avgjerder og val. Samtidig er det gode moglegheiter for å få ein bustad som tilfredsstiller alle krav og behov – samt personlege ønske, krav og behov.

Det er viktig å bruke god tid til å tenkje gjennom og planleggje bustaden. Og når planlegginga er gjort, er det viktig at ein følgjer byggeprosessen tett for å sikre at kvaliteten blir som ønskt og planlagt også i den ferdig bygde bustaden.

Få profesjonell hjelp til planlegginga

Dette sikrar at du får best mogleg samspel mellom bustadkvalitetar, tekniske løysingar, estetikk og funksjon. Samtidig må du setje dine eigne brukarkrav til bustaden.

Høyr med Husbanken

Det finst mykje bra rettleiingsmateriale frå Husbanken som kan brukast sjølv om bustaden ikkje er husbankfinansiert. Materialet gjeld både sjølve bustaden og tilhøyrande uteområde og bustadmiljø med fleire bustader samla. Husbanken sitt råd- og rettleiingsstoff gir utgangspunktet for grunnleggjande kvalitetar og ein god og funksjonell bustad.

Sjå sjekklistene til høgre for tips til bustadbyggingsprosessen!