Kjøpe bustad?

Å kjøpe bustad er ei viktig og stor avgjerd i liva våre. Og ikkje minst er det ei stor investering.

Sist endret 09.07.2012
Foto: Colourbox

Dersom ein ikkje vel å byggje bustaden sjølv, er det ulike måtar å kjøpe ein bustad på. Brukte bustader kjøper ein etter å ha vurdert bustaden og vore på vising. Nye bustader blir ofte lagt ut på marknaden etter at bustaden er bygd og blir selt «nøkkelferdig» – det vil seie at kjøparen kan flytte rett inn. Men det er også blitt stadig meir vanleg at bustadprosjekt blir selde via prospekt – det vil seie at utbyggjaren ikkje set i gang bygginga før ein viss prosentdel av bustadene er selde.

Dersom ein skal kjøpe ein «nøkkelferdig» bustad, er fordelen at ein kan vurdere bustaden ut frå ei fysisk vurdering. Ein kan gå på vising, sjå og vurdere med eigne auge, ta mål og «prøve ut» bygningen. Men det er viktig å bruke god tid, vurdere bustaden og bustadområdet/prosjektet ut frå tilkomst frå offentleg veg, parkering, inngang til bustaden og vidare bustaden sine ulike funksjonar. Ulempa ved at bustaden er «nøkkelferdig», er at ein ikkje har noko innverknadskraft på avgjersler som er tekne om planløysing og utføringa av dei ulike romma og funksjonane i bustaden.

Å kjøpe bustad frå prospekt kan vere ein vanskeleg prosess. Bustaden blir då presentert med teikningar, konstruerte bilete og skildring av bustaden og tilhøyrande bustadmiljø. For store bustadprosjekt blir det også ofte laga 3D-visingar og gjerne bygd ei visingsleilegheit for val av ulik innreiing osv. Det kan vere vanskeleg å lese og forstå teikningar og skildringar. Det kan også vere skilnad på kva ein blir lova og kva ein opplever å få når bustaden står ferdig. Fordelen med å kjøpe bustad frå prospekt er at ein har moglegheiter for å påverke enkelte val, som t.d. golvbelegg, innreiingar og fargar.

For å finne ut om det er ein god og funksjonell bustad som passar deg og dine behov og krav også i framtida, er det lurt å gå gjennom råda som blir gitt på desse sidene. Gjeldande forskrift stiller minimumskrav til tilgjenge i nye bustader. For eksisterande bustader kan det vere nyttig å vurdere potensialet for tilgjenge.

Tips til bolig og rom