Pusse opp?

Vi brukar mykje tid og pengar på å pusse opp bustadene våre.

Sist endret 09.07.2012
Colourbox

Ved meir omfattande oppussing som ombygging og utskifting av bad eller kjøkken, flytting av veggar eller funksjonar, er det viktig å planleggje godt slik at det blir funksjonelle og praktiske løysingar.

I planleggingsfasen kan det vere lurt å tenkje gjennom korleis ein brukar rommet og innreiinga, blant anna kor det er mest praktisk å lagre ting ein brukar i dei ulike romma. Det er også lurt å vere kritisk når ein skal kjøpe material og innreiing. Har materiala lang levetid, gir dei lita avgassing til innelufta og er enkle å halde reine.

Eit godt val er når designet er noko ein likar, samtidig som det er enkelt å bruke. For eksempel er trinnfrie bustader enklare å halde reine enn bustader med tersklar og trinn. Det er i tillegg viktig å tenkje framover og ta høgde for nye behov som kan melde seg i framtida.

I sjekklistene for rom og bygningselement får du mange gode råd om kva som er funksjonelle løsninger.