Tilgjenge eller universell utforming i fritidsleilegheiter?
Krava som blir stilte til universell utforming og tilgjenge i fritidsleilegheiter og -hytter, avheng både av kor leilegheita skal førast opp og korleis den skal brukast.
For å avgjere kva krav som gjeld, må derfor både reguleringsplanen og byggesøknaden vurderast.
Reguleringsplan og byggesøknad bestemmer kva krav som gjeld
Krava til tilgjenge og universell utforming for turistanlegg med leilegheiter og hytter som blir leigde ut på korttidsbasis, blir både bestemte av kva reguleringsplanen seier om føremålet for arealet der bygget skal førast opp, og kva som er føremålet med bygget det er søkt om å oppføre – altså kva ein søkjer løyve til i byggesaka.
To aktuelle reguleringsformål
I plan- og bygningslova § 12-5 er det to reguleringsformål som kan vere aktuelle ved bygging av fritidsleilegheiter:
- Fritids- og turistformål, som er næringsrelatert
- Fritidsbusetnad, som er privat relatert
I byggesøknaden kan søkjaren oppgi om bygningane blir oppførde for næringsføremål eller for fritidsføremål. Det er naturleg at det er samanheng mellom regulert formål og formålet det er søkt om.
Korleis påverkar samanhengen mellom reguleringsplan og tiltaket grad av universell utforming?
Oppføring av hytter og leilegheiter i område som er regulerte for fritids- og turistformål, er definert som overnattingsbygg i byggteknisk forskrift (sjå definisjonen her) og blir rekna som byggverk for publikum.
I slike bygg skal 10 % og minst éi eining oppfylle krava til universell utforming. Dei andre einingane har ikkje krav til universell utforming eller tilgjenge. Alle felles publikumsareal skal vere universelt utforma.
Campinghytter er å betrakte på same måte som hotellrom. Det inneber at også her skal 10 % og minst éi vere universelt utforma. Dette er skildra i rettleiinga til TEK § 12-7, femte ledd.
For hytter, fritidsbustader og leilegheitsbygg som skal byggjast i område som er regulerte for fritidsbusetnad, gjeld kravet om tilgjengeleg bueining når desse har meir enn éi bueining (jamfør at TEK § 1-2 andre ledd gjeld for fritidsbustader med berre éi bueining).
Når ein søkjer om turistanlegg – altså næringsformål – i eit slikt område, vil krava om universell utforming gjelde. Det føreset at tiltaket ikkje er i strid med reguleringsvedtaka. I slike tilfelle kan ein vurdere krav om omregulering.
Frittståande fritidsbustad med éi bueining har ikkje krav om tilgjenge. Dette unntaket er gitt i TEK § 1-2 andre ledd.