Har kommunen fått ein digital byggjesøknad?
Om kommunen har spørsmål om digitale søknader, kan du sjå etter svar her.
Om mottaket av digitale byggjesøknader
Vanlege feil og manglar
Våre anbefalingar for god praksis
Stengje for sending av søknad på e-post
Fleire kommunar har valgt å stengje for sending av byggjesøknader på e-post. Kommunane har heimel til å stengje for søknader på e-post etter forvaltningsloven § 15a og eForvaltningsforskriften § 3. Bestemmingane slår fast at alle som vender seg til eit forvaltningsorgan kan bruke elektronisk kommunikasjon så lenge organet har lagt til rette for det. Kommunikasjonen skjer på den måten som organet beskriv og ved å bruke adressen som er oppgitt for aktuelle førespurnaden. Søknadsløysingar på Fellestjenester BYGG oppfyllar desse heimlane.
Søknader sendt via Fellestjenester BYGG sparar kommunen for tid og ressursar fordi dei blir kontrollert før sending. Dersom kommunen har eByggesak, blir strukturerte data om byggjesøknaden importert direkte til kommunens saksbehandlingssystem.
Kommunen kan stengje for e-postsending ved å opplyse på nettsida at digitale søknader vert sende via en godkjent søknadsløysing på Fellestjenester BYGG. Når stadig fleire kommuner gjer dette, vil det også føre til at fleire tar i bruk digitale søknadsløysingar.
Kommunen kan stengje for e-postsending både for privatpersonar og føretak, der det finst digitale alternativ. Både personar og føretak kan likevel velge å sende søknaden i posten. Vi gjer også merksam på at kommunen har nokre plikter om nokon sender ein søknad på e-post sjølv om kommunen har stengt for det. Kommunen må gi beskjed om at søknaden ikkje vil bli handsama, og veilede i korleis søknaden skal sendast, jf. eForvaltningsforskriften § 7. Journalføringsplikta gjeld også uavhengig av korleis søknaden er sendt.
Om digitale byggjesøknader
Sjølvbetente løysingar for byggjesøknader er gjort moglege gjennom prosjektet Fellestjenester BYGG.
Alle digitale byggjesøknader kjem til kommunane i same format og utsjånad, uavhengig av kva søknadssystem som er valt.
Har du flere spørsmål?
Kontakt oss på e-post: ftb@dibk.no